Lokalnytt

Interessant historietime

Arne Ringdal.

Peer Gynt-galleriet baud inn til underhaldningskveld laurdag med både kåseri og musikk på programmet. Eit talrikt publikum frå fleire generasjonar fylte lokalet og fekk fyrst ein både interessant og underhaldande historietime.

Arne Ringdal hadde sett «Hellesylt – tettstad og knutepunkt» som tittel på biletkåseriet sitt. Han tok utgangspunkt i overgangen frå land til sjø.
Postvegen vart lagd gjennom bygda vår frå 1786. Seinare vart det bygt post-vør og ny Høgebru. Båttrafikken på fjorden auka, og det gjekk jekteturar mellom anna til Bergen og Trondheim. Varer vart og eksportert ut frå Hellesylt, mellom anna trelast til Nederland. Det vart bygt mange naust og kyrkjebuer, og den fyrste Kleivabuda vart reist inne i Grøvasanden.

Turisttrafikken auka

Frå 1890-åra auka turisttrafikken monaleg, og etter at Hellesylt bro vart bygd i 1902, vart to hotell flytta frå sentrum og bygde saman til eitt, Grand hotell, på Hellesyltneset.
Ringdal fortalde elles om dei fyrste teaterstykka som vart viste i Magnus-løa på Hellesylt, der og Det norske teater framførte skodespelet «Nina». Han viste og ulike kaier og bryggjer fram gjennom åra, og gav forklaring på fleire av dei gamle stadnamna vi har i bygda.

«Kjendisar» på gjennomreise.

Levande fortalde Ringdal om kjende kulturpersonar som har vitja Hellesylt, både Bjørnstjerne Bjørnson og kona Karoline, Henrik Ibsen og den tyske keisaren Wilhelm den andre, som for gjennom bygda både i 1890 og 1899. Amtmann Alexander Kielland var her også i 1902-03.
Ringdal knytte fleire gode historier til desse besøka.

Meieri og mjølketransport

Det vaks fram fleire smørmeieri i Sunnylven, og god samferdsle opna for eksport av smør til England. Seinare vart det også eksportert blåbær til England.
Nytt meieri fekk vi på Hellesylt i 1922, og for å få mjølka fram, skaffa fleire av strandsitjargardane seg eigen båt til denne transporten. Mjølka vart så transportert på skinner frå kaia opp til meieriet. Den einaste jernbane-strekninga vi har hatt på Hellesylt, meinte Arne.
Det kom og rutebåt på fjorden «Norddalsfjord» frå MFR kom her i 1914, og då det i 1937 vart bygt nytt ferjeleie, var ein så heldige å få forskalingsmaterialen til å bruke til å byggje badehuset.

Ringdal presentert og historia til Shell-anlegget og avrunda så det timelange kåseriet sitt med eit bilete frå 22. september 1962, då vegen til Stranda vart opna. – Hellesylt vart då ikkje lenger det same trafikk-knutepunktet, meinte han.

Imponerande fotosamling.

Arne Ringdal har etter kvart bygt seg opp ei imponerande biletsamling, og vi såg at bileta, ofte med interessante detaljar, fenga både unge og godt vaksne i forsamlinga.

Bygda sitt eige danseband

Fossedur

Etter kåseriet svinga «Fossedur» opp med med både norsk, irsk og anna utanlandsk musikk. Dei dyktige musikarane i bandet er Olav Elling Gausdal vokal, gitar og mandolin, Knut Hanssen vokal og gitar, Bjarne Sjåstad vokal og bassgitar, Oddvar Gausdal trekkspel, og Jostein Ringdal slagverk.
Dei spela både til underhaldning og dans, og lokka snart par fram på dansegolvet.