Lokalnytt

Kanskje den beste bygda

Sentrale personar under Bygdekvelden. Frå venstre Geir Frøysa, Torunn Tryggestad, Lars Helge Hanssen, Jens Vik, Jan Ove Tryggestad.

Bygdekvelden på Sunnylven samfunnshus laurdag vart ein stor suksess. Og etter tre timar i bygda si storstova kan ingen vere i tvil; Sunnylven har vore og er ei god bygd å bu i.

I alt 155 unge og eldre møtte fram på Sunnylven samfunnshus laurdag kveld. Arrangementet med det litt beskjedne namnet «Det store i det litle» vart til etter ein ide av Jens Vik som kom til Hellesylt for 15 år sidan.

Målsetjing med arrangementet

-Eg oppdaga ei bygd med eit rikt organisasjons –og foreiningsliv, samhald og dugnadsånd, og slik er det framleis. Mange er med på mykje i fleire lag, det blir lagt ned mange timar med gratis arbeid, men vi må passe på at det ikkje blir ei for stor belastning for enkelte. Vi må gje ros til dei som står på for eit godt og pulserande samfunn og vere stolte av kva dette har ført til, sa Jens Vik som også hadde Jan Ove Tryggestad og Geir Frøysa med i festkomiteen.

–VI skal ikkje framheve nokon spesielt, for vi er alle like viktige og like mykje verd, og vi skal slå oss sjølve på brystet for det vi får til i bygda vår. I kveld skal vi også slå eit slag for sauekjøt, ei god matvare som i dag går til røvamat, sa Geir Frøysa. Arrangøren hadde henta heim kjøkkensjef frå Ona & Finnøy Havstuer, Lars Helge Hanssen med slektsrøtene sine frå Sunnylven for å tilberede måltidet. Sauekjøtet fall i smak hos festlyden.

Espen Ringdal og Anna Kristin Storstein Forbord utgjorde ungdomsbandet Kilt og framførte to poplåtar.

Variert aktivitet

Det var ungdomsbandet Kilt som opna festen. Litt redusert mannskap denne kvelden, men Espen Ringdal på gitar og Anna Kristine Storstein Forbord på vokal kom godt frå oppgåva og viste mangfaldet som Sunnylven har. For når ni av bygda sine 35 lag og organisasjonar fekk presentere seg i tekst og bilete frå framvisar til stort lerret, fortalde det om ein aktivitet, ikkje berre i variert innhald, men også om tilbodet innafor kvart laga. Døme på det er Hellesylt Ungdomslag med underhaldning, dans eller teater, og idrottslaget med aktivitetar innan både sommar og vintersport.

Presentasjon og helsingar

Laga som vart presentert på stor skjerm til musikk med tekst og bilete var; Hellesylt Ungdomslag, Sunnylven Idrottslag, Sunnylven Bygdekvinnelag, Fjellrosa 4H, Ungdomskoret Joyful, Sunnylven pensjonistlag, Sunnylven sanitetslag, Sunnylven skulekorps og Sunnylven skyttarlag.

På videooverføring kom helsing frå Hans Kristian Stadheim, trenar for det Britiske landslaget i langrenn, og frå Lars Karbø, musikktalent, har sykla Europa på tvers, har laga app til amerikanarar og no student i Trondheim. Dei fortalde begge om heimbygd der dei hadde blitt sett og teke vare på og gjort dei trygge på vegen vidare i livet. Det er ikkje alltid viktig å bli best, men så god som ein sjølv kan bli, vart det sagt frå Stadheim.

Også frå ungdomslaget og idrettslaget kom helsinga på video med kommentar frå leiarane Marianne Fivelstad og Per Ingebrigt Karbø.

Det var Eivind Louis Helset og Gunnar Fivelstad som hadde rigga opplegget for presentasjonane både i tekst, bilder og videooverføring.

Torunn Tryggestad fortalde frå oppvekst og yrkesliv.

Trygg fredsmeklar

Også Torunn Tryggestad , kveldens festtalar mintes ei god heimbygd som ho alltid gleda seg å kome tilbake til. Då ho fekk spørsmål om å delta på Bygdekvelden sa ho ja med ein gong. Dette var eit viktig arrangement, dette ville ho bidra på, sa ho.

Nestleiaren i PRIO, institutt for fredsforsking var komen frå Oslo for å dele tankar og erfaringar frå oppveksten i Sunnylven. Ho hadde forma om kveldens tittel til «Det litle i det Store», for slik hadde yrkeslivet blitt i mange tilfelle for henne. Dama frå syskenflokken på åtte frå ein gard på Tryggestad hadde opplevd å møte FN sin generalsekretær, mekla rasande partar i sør-Afrika til semje, til ein avtale som framleis står ved lag, og jobba fram mange andre oppgåver for byggjande fred og forsoning mellom nasjonar.

Tryggheita som ho hadde teke med seg frå oppveksten i heimbygda hadde vore ein god ballast som ho hadde hatt nytte av i yrkeslivet. Åra i skulen på Hellesylt, Stranda vidaregåande med hybelliv og ein heil «Grandis» åleine, trakke scena med roller i HUL-teatret, eller ti år med sommarjobb ved Hellesylt kiosk og gatekjøkken og meistre stresset når ein heil buss turistar kom og skulle ha softis samstundes, var god livserfaring, sa Torunn Tryggestad.

Framsnakking

Ordførar Jan Ove Tryggestad avrunda festkvelden. Han vart invitert med som arrangør og tente på ideen. Kvelden har hatt to viktige hovudmål, å setje pris på og takke alle som står på for sosiale tilstellingar, idrett og kultur i Sunnylven, og slå eit slag for sauekjøt.

-Det er viktig med framsnakking og vi må ikkje gløyme å gje ros for dugnad og gratisarbeid, sa Jan Ove Tryggestad som takke for maten med ros til kveldens kokk og kveldens meny.

-Lars Helge Hanssen er ein knallgod kokk og ein fantastisk kar. Han sa ja til dette oppdraget nesten før eg fekk stil ferdig spørsmålet. I kveld har han laga eit fantastisk måltid av ei vare som nesten ingen vil kjøpe. Markedet er overfylt av sauekjøt, så skal jordbruket overleve må der styring til.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380