Lokalnytt

Kløvertur igjen

Sunnylven sanitetslag hadde sett fram mykje sunt og godt på kveldsbordet. Her er det Eline FIvelstad t.h. og Hldur Vollset som forsyner seg.

Då var vi på Kløvertur igjen, etter same råsa som sist. Men i staden for dagstur som i september vart det kveldstrim denne gongen.

Månen var ikkje å sjå så det var stummande mørkt då unge og eldre av begge kjønn la i veg frå Sunnylven kyrkjelydshus torsdag kveld, i refleksvestar og nokre med lommelykt i handa. Målet var trimposten på Shell og tilbake til kyrkjelydshuset til eit stort og velsmakande kveldsbord. Ikkje alle gjekk like langt, knappe halve flokken fekk sine tre trimpoeng. Men alle fekk kvelds spandert av Sunnylven sanitetslag som var arrangør av Kløverturen.

Ikkje lett å telje rett i mørket, men rundt kveldsbordet viste det seg at vi var 27 personar som hadde vore med på rusletrimmen. Det var arrangøren svært godt nøgde med, så det blir nok nye Kløverturar også seinare.

Utsyn frå trimposten på Shell mot Hellesylt sentrum og Reset.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380