Lokalnytt

Søte premiar på kappleik

Her er deltakarane frå Hellesylt Ungdomslag på Sjokoladekappleiken samla. Ein flott gjeng!

Sjokoladekappleiken 2018 var ingen konkurranse, men ein leik i song, spel og dans for ungdom. Og alle fekk same premie, ein pose sjokolade.

Søndag vart den årlege Sjokoladekappleiken arrangert på Mork skule i Volda. Det er Folkemusikklaget i Møre og Romsdal som står bak arrangementet og i år var det Ørsta og Volda folkedanslag som inviterte til song, musikk og dans av unge aktørar. Heile 16 innslag vart presentert under samlinga der også eit talrikt publikum var til stades. Dei fekk sjå hallingkast, lettbeint folkedans og høyre gode innslag av både folkemusikk og song.

Frå Hellesylt Ungdomslag deltok Tonje Støverstein på fele og ho deltok i leikarringen i laget som stilte med tolv spreke dansarar. Eit friskt innslag som fekk både jubel og taktfast applaus frå publikum under framføringa. Tilbakemeldingar frå domarane var også positive og bør vel stimulere til nye danseøvingar.

Sjokoladekappleik er ingen konkurranse, så domarane sine kommentar går på det som er bra og litt på det som kan gjerast betre og som deltakaren bør jobbe med.

Tonje Støverstein deltok også med innslag på fele.

Her er heile deltakarlista på Sjokoladekappleiken 2018:

*Hornindal Spelemannslag – gruppe 1

*Hellesylt Ungdomslag – Tonje

*Vatne Ungdomslag – Aurora

*Valldal Spelemannslag – Solveig og Thea Marie

*Spelemannslaget Dåm og Drag – Julie og Synnøve

*Ferske Fjelljom

*Øystre Slidre Spel og Dansarlag – Endre

*Hornindal Spelemannslag – gruppe 2

*Bergen Ungdomslag Ervingen – Tone

*Spelemannslaget Dåm og Drag – Linnea

*Hellesylt Ungdomslag – gruppe 1

*Spelemannslaget Dåm og Drag

*Sykkylven Ungdomslag – Markus

*Spelemannslaget Fjelljom – Ålesund

*Hornindal Spelemannslag – solo

*Hellesylt Ungdomslag – gruppe 2

Anna Gjendem til venstre, her saman med leiar i Sunnmøre Frilynde Ungdomssamskipnad, Marianne Fivelstad, til stades som tilhøyrar.

Anna Gjendem medhjelpar i arrangørlaget, men også kjent som pådrivar for folkedans tykte det hadde vore eit triveleg arrangement og meir variert enn tidlegare. Spesielt var det fleire songinnslag denne gongen, sa ho. Men også innslag med fele hadde driv og var flott å høyre.

Berre Hellesylt Ungdomslag deltok med dansegruppe denne gongen. Også i Volda, Ørsta, Sykkylven og fleire andre ungdomslag er der dansegruppe, men truleg høvde det ikkje for dei å delta denne gongen, sa Anna Gjendem.

Men dei som deltok på Sjokoladekappleiken på Mork skule fekk alle same gode belønning, ein stor pose sjokolade.

Arrangøren Ørsta/Voldafolkedanslag hadde kaker, vaflar, pølse m/brød og meir å by på. Her er nokre i kjøkkengjengen.
Så var det premiering med sjokolade og dermed var Sjokoladekappleiken 2018 over.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380