Du grøne, glitrande juletre.
I Kjellstadli har ein grunneigar mista fleire juletre dei siste dagane. Nokon driv sjølvhogst uløyves, seier han.
Det er sjølvsagt ikkje det store økonomiske tapet, men vedkomande grunneigar er irritert over at nokon tek seg til rette i juletreskogen hans. Hadde dei teke kontakt skulle dei nok ha fått seg juletre, gjerne gratis, seier han på telefon til hellesylt.info
-Så langt har fire juletre blitt kappa ned. Det er ikkje vanskeleg å sjå, for det står igjen mykje av nedre del av stamma, fortel han. Han ønskjer God jul og Godt Nytt År, og håper dei pynta juletrea vil glitre og vere til glede for vedkomande.
Skikken med eit pynta juletre vart vanleg i Norge kring 1900. Det var avgudsdyrking, sa dei kristne den gongen. Og skikken med å gå i ring rundt juletreet og syngje julesongar var sett på med enno meir skepsis og samanlikna med dansen kring gullkalven..