Lokalnytt

Eigarane av Kurlå fekk Godt Vern-prisen

Judith Musther frå Fortidsminneforeninga overrekte alt som fylgde med Godt Vern-prisen til John Arne Langeland som tok mot på vegne av eigarane.

Fredag vart Godt Vern-prisen overrekt til eigarane av Kurlå. Det vesle våningshuset frå 1860-åra stod ferdig restaurert tilbake til opphavleg prakt i 2017.

Gamleskulen var samlingsstad då Fortidminneforeninga på Sunnmøre med Martin Nystad og Judith Musther var til stades for å overrekke Godt Vern-prisen frå foreininga og Sunnmørsposten til eigarane av Kurlå.

Sekretær i Fortidsminneforeninga, Judith Musther las opp grunngjevinga frå juryen om pristildelinga, (referert tidlegare på hellesylt.info) og deretter overrekte ho prisen. Det var eit skilt, ein diplom og ei teikning av våningshuset på Kurlå. Verneprisen var til eigarane som er Aase Turid Husøy m/fleire, men då ho ikkje kunne vere til stades var det John Arne Langeland som tok mot på vegne av slekta og takka så mykje.

Tilgrodd

Til stades ved den store hendinga var også elevar og lærarar frå Sunnylven skule, styremedlemer frå Storfjordens Venner og andre med hjarte for kulturarven.

Det var i 2015 at Storfjordens Venner starta arbeidet med restaurering av våningshuset på Kurlå. Huset var til nedfalls og området kring tilgrodd av skog og kratt. Ryddejobben tok elevar ved Sunnylven skule seg av samstundes som arbeidet vart «baka» inn i undervisning i naturfag, teikning og rekning.

Sunnylven skule hadde rydding på Kurlå som prosjektoppgåve. For arbeidet overrekte Kjell Løseth elevane ved skulen ei gåve på 5000.- kroner. Lene Ringdal og Sverre Martin Røyrhus tok mot.

Overraskande gåve

Det meste av restaureringa stod fagsnikkar Kåre Løvoll for etter antikvariske retningsliner frå fylkeskonservatoren. Heile jobben medrekna dugnad kom på 1.5 mill. kroner, opplyste leiar i Storfjordens Venner Kjell Løseth. Han takka på vegne av organisasjonen mange som hadde stått på for Kurlå og andre prosjekt tidlegare, og til elevane ved Sunnylven skule overrekte Løseth ein gåvesjekk på 5000.- kroner for jobben dei gjorde. Ei overraskande gåve som Sverre Martin Røyrhus og Lene Ringdal tok mot på vegne av elevane.

Historikk og lysbilete

Under prisoverrekkinga i gamleskulen på Hellesylt fortalde Martin Nystad litt om Fortidsminneforeninga og det arbeidet dei står for. Det er verdens eldste foreining der ein prøver å lære opp folk og bevisstgjere dei på at bygningar er arv som er viktig å ta vare på, sa Nystad mellom anna.

Lærar Arne Ringdal kan si historie om buplassar i området Åseneset og Kurlå. Han fortalde om folket som hadde levd på husmannsplassen, og om arbeidet som elevane utførte. Den fyrste busette på husmannsplassen Kurlå var Andreas Andersen Åsen i 1864. Plassen vart fråflytta 1913.

Og nestleiar i Storfjordens Venner Bjørn Steinar Skarbø viste eit knippe lysbilete, både frå før og etter at huset vart restaurert.

På rekke og rad, personar som har jobba for bevaring av kulturarven, frå venstre Kåre Løvoll, Bjørn Steinar Skarbø, Kjell Løset og Helge Søvik som har skrive bok om Storfjordens Venner.
Elevane som gjorde jobben på Kurlå, journalistar og andre interesserte var innom gamleskulen under overrekinga av Godt Vern-prisen.
Sentrale personar under overrekkinga. Frå venstre John Arne Langeland, Kjell Løseth, Judith Musther og Martin Nystad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380