Lokalnytt

Flott lanseringsfest av Ungdomsbedrifter

Stranda vidaregåande skule er storgrossist i kapring av premiar i entreprenørskap. Og når fylkesfinalen nærmar seg spør andre; «Kva kjem Stranda med i år»?. Vi veit svaret.

Fredag var det stor lanseringsfest i kantina ved Stranda vidaregåande skule for årets ungdomsbedrifter. Rundt hundre personar var invitert og fekk både sjå og smake på dei produkt som skal representere skulen. Dei frammøtte fekk seg også servert Strandabord, eit matgilde som det beste julebord.

Det vart presentert tre ulike ungdomsbedrifter på lanseringsfesten fredag kveld:

*Munnfull UB har laga ein vegansk pudding av tjukkmjølk og egg frå produsentar på Røros.

*Ibsen@Hellesylt UB har blitt ein app som profilerer bedrifter og attraksjonar i og rundt Hellesylt med utgangspunkt i Henrik Ibsen sitt besøk i bygda i 1862.

*Plastic Mission UB. Her skal elevar utvikle ein app for innsamling av plast langs kysten av Norge. Den skal vere ferdig i 2020.

På standen til Munnfull UB møtte vi tre av elevane som har utvikla den proteinrike puddingen. Signy Korsedal, Marie Vangen og Trine Tomasgard delte ut mange smaksprøver og fekk svært positive tilbakemeldingar. Produktet er laga av Tjukkmjølk og egg frå Røros, og litt anna. Tjukkmjølk er ei økologisk mjølk og blir levert av fjellbønder til Røros meieri. Mjølka har lang haldbarheit og inneheld aminosyrer som er godt for eit langt liv. Elevane hadde jobba mykje for å få produktet til slik det vart servert fredag, fortalde dei.

Plastic Mission UB er eit to-årig prosjekt i utvikling av ein app for innsamling av plast frå sjø og land i Norge. Presentasjonen av ungdomsbedrifta opna med ei naturskildring frå dei seks elevane som har valgt nettopp denne oppgåva. Å redusere naturforureininga av plast på land og i havet er blitt viktigare enn nokon gong. Appen skal vere ferdig til 2020.

Elevane som har utvikla Ibsen@Hellesylt UB etter bestilling frå Næringssjef Inge Bjørdal til høgre. Frå venstre Sofie Berge Sæbø, Goda Tkacenkeite, Tuva Brandli Korsnes, Malene Linge-Valdal, Hanna Olin Muri, Julie Helene Aklestad.

Ibsen@Hellesylt UB har vi omtala tidlegare. Den er no ferdig med tekst på engelsk, men det vil bli jobba vidare med å få den ut på fleire språk, også norsk. Det heile kom i stand etter ei «bestilling» frå næringssjef Inge Bjørdal i Stranda kommune. Det har blitt eit flott verktøy som turistar og andre kan gjere seg nytte av for å få informasjon om det som er av sjåverdige ting og opplevingar i og rundt Hellesylt.

Arbeidet starta med fire jenter i 2017, men det siste året har nokon gått ut og nye har kome til. Like over nyttår, 4. januar skal elevane i denne ungdomsbedrifta til Hellesylt for å presentere produktet for fleire som vil ha nytte av det.

Viktig med entreprenørskap

-Frå Stranda vidaregåande skule har det kome gode bedrifter som har henta mange prisar. Kvar gong det er fylkesmønstring er spørsmålet frå andre; «Kva kjem Stranda med i år»?, kunne Helen Fet fortelje i si helsing til skulen. Ho har jobba i ungt entreprenørskap i heile fylket mellom 500 elevar i ungt entreprenørskap..

-Å drive UB er utruleg viktig, det er livets lære både som arbeidsgjevar, som medmenneske og ikkje minst for deltaking i styre og stell i andre lag og organisasjonar, sa Helen Fet mellom anna som også rosa leiinga ved Stranda vidaregåande skule.

Imponerande

Som gjest på lanseringsfesten fredag let vi oss imponere av elevane, av deira arbeid og ikkje minst måten dei presenterte det på for den store forsamlinga. Her utviklar Stranda vidaregåande skule mange dyktige leiarar for framtida, og er eit bevis på at skulen har sin rett og viktige plass i framtida på Stranda. Skulen har i dag vel 170 elevar og 35 tilsette.

Skulen skal utviklast vidare

Det var lærar Ole Bjørn Hjellegjerde som ønska vel møtt til lanseringsfesten for Ungdomsbedrifter fredag kveld. Og rektor Jon Hjortdal fylgde på; -Det er kjekt å ha flotte elevane og ikkje minst ein initiativrik lærar som Ole Bjørn Hjellegjerde.

Hjortdal lova ein kveld fri for diskusjonar om vidaregåande skular og Nordøyvegen. –Vi vil berre lene oss framover og vi skal bli betre og betre på det vi er gode på. Ein av dei viktigaste kunnskapane er entreprenørskap og det er vi gode på alt.

Jon Hjortdal poengterte at Stranda vidaregåande skule skulle stå på for utbygging og læring også i framtida.-Vi har ikkje tenkt å ligge på latsida, men gjere det vi må for å utvikle skulen vidare framover, sa Jon Hjortdal.

Både ordførar Jan Ove Tryggestad og næringssjef Inge Bjørdal var fulle av lovord om smaksprøvene Signy Korsedal t.v., Marie Vangen og Trine Tomasgard på standen til Munnfull delte ut.
Neste Ungdomsbedrift som skal vere ferdig i 2020 er ein app for innsamling av plast langs Norske-kysten. Den jobbar desse fem elevane på bildet med.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380