Notiser

Jule-Quiz hos Peer Gynt

Quiz-master Arild t.v. saman med eit vinnarlag frå jule-Quiz på Peer Gynt Galleriet eit tidlegare år. Stiller dei blir dei eitt av favorittlaga også 3. juledag.

Det blir romjuls-Quiz på Peer Gynt Galleriet torsdag 27. desember (3. juledag). Grunna begrensa plass har arrangøren sett tak på max 100 deltakarar, så ikkje vent, men meld deg på no.

Jula er tradisjon og der er Quiz på Peer Gynt Galleriet med. I år blir den uhøgtidlege kunnskapstesten avvikla tredje juledag, opplyser quiz-master Arild Ringdal. Saman med sin faste hjelpar Egil Røyrhus inviterer dei alt no til påmelding til arrangementet der det er plass til max 100 deltakarar.

Ikkje vent, men send påmelding på SMS til Arild, mob. 906 82 399 alt no. Tredje juledag opnar Peer Gynt Galleriet dørene klokka 19.30 og Quiz-en med 40 spørsmål om ulike tema startar like etter.

Som vanleg kan det vere seks personar på kvart lag. Det blir premiering av vinnarlaget, og kanskje nokre overraskingar til andre deltakarar, opplyser Arild Ringdal.

Bli med på juletreff og uhøgtidleg kunnskapstest på Peer Gynt Galleriet 3. juledag. Meld på laget til Quiz-master Arild, mob. 906 82 399

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380