Lokalnytt

Julebord i Pensjonistlaget

Leiar i Sunnylven Pensjonistlag, Astrid Langeland til venstre på enden av bordet hadde sikra seg Inghild Storstein til å lese juleforteljingar, mellom anna av Oddgeir Bruaset.

Det var dekka til 80 personar då Sunnylven Pensjonistlag inviterte til julebord onsdag. Alle kom og vart traktert med god servering, program og stor utlodding.

Leiar i Sunnylven Pensjonistlag Astrid Langeland hadde gjort ein vri på teksten i julesongen, til «Velkomen dokke som vi ser så gjerne». Ho ønska vel møtt til julebord i eit julepynta Sunnylven kyrkjelydshus med både stjerner, juletre, levande lys og juleblomster.

Og snart kom ein rikhaldig meny på bordet av poteter, kålrotstappe surkål, medisterkake, kokmør, pinnekjøt og ribbe. Det vart mykje skryt av maten rundt borda, men fleire etterlyste tannpirkarar. -Det skal bli laga på neste års juleverkstad i Pensjonistlaget, lova leiaren.

Til dessert vart det servert karamellpudding, riskrem og kromkaker baka på pensjonisttreff i november.

Inghild Storstein hadde denne gongen leita fram mellom anna ei forteljing av Oddgeir Bruaset som handla om julelauget rundt om på gardane i gamle dagar. Kristin Storstein underheldt med song, mellom anna med den gamle julesongen «Kling no klokka», og både ho og Bjarne Sjåstad spela til allsong.

Under festen vart det frå Sunnylven Pensjonistlag delt ut gåve til alle medlemer som har hatt runde åremålsdagar i 2018. 90 år vart Ola Røyrhus, Nils P. Frøysa, Rolf Sæten og Ingeborg Korsbrekke. 80 år vart Magnus Espe, Signy Hole, og 70 år runda Egil Pedersen, Inghild Storstein, Lars Fivelstad, Kjellaug Tronstad, Astrid Langeland og Solveig Helset.

Til slutt på Sunnylven Pensjonistlag sitt julebord var det åresal og trekking av heile 75 gevinstar, mange av dei gjevne av private og likalt næringsliv.

Kristin Storstein underheldt med song under Pensjonistlaget sitt julebord, mellom anna med julesongen «Kling no klokka»
Åresalet gjekk raskt unna for John Arne Langeland. Her er kjøparane f.v. Per Ottar Alme, Paul Tronstad og Angelika Fivelstad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380