Lokalnytt

Julekonsert i Sunnylven kyrkje

Sunnylven skulekorps med Trond Otto Berg som dirigent opna julekonserten.

Det kom mange til kyrkje i Sunnylven søndag kveld. Tradisjonen tru vart det julekonsert med lokale song og musikkrefter, ei ny stor og flott oppleving nok eit år.

Dirigent for Sunnylven skulekorps Trond Otto Berg sa det slik før korpset stemte opp; -Julekonserten i Sunnylven kyrkje er noko av det eg må ha med meg for at det skal verkeleg bli jul.

Mange er nok samde med han i det. Og nettopp korpset kveikte julestemninga nok ein gong og fyrst ut av fleire aktørar. Dei sette standard for ein julekonsert som går inn i rekka av dei betre.

Korps og ungdomskor

Skulekorpset som «miste» mange røynde musikantar i haust og var nesten «døden» nær imponerte. I korpsekkene sat dei «gamle» musikantane, heimvende for høvet og bidrog stødig og kraftfullt på sine instrument i både barokkmusikk og ny og gamal julemusikk. Saman med nye, unge korpsmusikantar var det stort å høyre korpset i den gamle kyrkja også denne gongen.

Og meir vakker musikk og song venta. Bygda si neste stoltheit, ungdomskoret Joyful med dirigent Kristin Storstein hadde øvd inn tre songar, «Himlen i din favn», «Selmas song», og «Høyt under himmelens stjerner» der fleire frå koret song solo.

Ei gruppe frå kulturskulen, frå venstre Tonje Støverstein, lærar Synnøve Hjellbakk Hole, Espen Ringdal, Olai Sætreås Kristoffersen.

Lærarar frå kulturskulen

Sunnylven er ei grøderik bygd i jordbrukssamanheng, men det gror godt også i song og musikklivet i bygda. Under julekonserten kom fleire døme på det, som ei gruppe frå Stranda kulturskule der Tonje fele, Espen og Olai gitar og lærar Synnøve Hjellbakk Hole fele framførte «En stjerne skinner i natt».

Heile fire lærarar frå kulturskulen deltok under julekonserten i år. Erik Torset hadde lyd og bidrog på gitar, Gunnar Inge Eide spela piano og på orgel med Trond Otto Berg på trompet spela dei to ein engelsk julesalme. Og vi fekk høyre Synnøve Hjellbakk Hole fele og Gunnar Inge Eide orgel i folketonen «Mitt hjerte alltid vanker», og «Jesus bleibet meine Freude», av J.S. Bach.

Hellesylt songlag med dirigent Kristin Storstein.

Klorar seg fast

Det vart mange turar for Eide frå kyrkjeorgelet til piano denne kvelden, mellom anna med tonefylgje til Kristin Storstein som song vakte «Is it true» av Anita Skorgan, før damene i Hellesylt songlag inntok kyrkjekoret. –Vi er få men vi klorar oss faste, for julekonserten vil vi vere med på, sa dirigenten. Og få var dei, berre åtte, men vi hadde nok tippa fleire om vi ikkje såg det. Med Gunnar Inge Eide på piano vart det songinnslag med svingande gospeltonar, vakre melodiøse «Mariavise» med Oddbjørg Stadheim som solist og gode gamle «Det kimer nå til julefest».

Til avslutning samla dei to kora seg i felles framføring av Trygve Hoff sin vakre «Lys imot mørketida» med tonefølgje frå Gunnar Inge Eide piano og Erik Torset gitar. Ei verdig avslutning på den timelage julekonserten.

Mange høgdepunkt

-Du må gje dei mykje ros for konserten, det var fantastisk flott å høyre på, fekk vi oss fortalt av fleire på veg ut av kyrkja. Det gjer vi gjerne, men det er ikkje alltid lett å beskrive inntrykk med ord, langt mindre å leite etter beste høgdepunkt ein slik kveld. Eg vågar meg likevel frampå med eitt, «Nordnorsk julesalme» med Bertine Lade som solist både i song og på trombone, i lag med skulekorpset. Det var stort, men vi heiar på både musikkeleven ved Fagerlia vidaregåande og alle dei andre som «fargela» ei vakker song og musikkoppleving. Julekonsert i Sunnylven kyrkje vart avslutta med heile kyrkjelyden i «Deilig er jorden».

Bertine Lade song og spela saman med korpset i Nordnorsk julesalme.
Gunnar Inge Eide og Trond Otto Berg med Engelsk julesalme.
Ungdomskoret Joyful og Hellesylt songlag i «Lys imot mørketida»

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380