Lokalnytt

Mange fellingsløyver igjen

Hjort på Hauge i Sunnylvsbygda ein tidleg morgon.

Vesle julaftan er siste jaktdag for hjorteviltet i år. Med knappe tre veker igjen er under halvparten av tildelte kvoter i Stranda kommune felt.

I alt 904 fellingsløyver for hjort vart tildelt i Stranda kommune i år. Til 2. desember viser fellingsrapporten at 424 dyr er skotne i heile kommunen. Det er langt mindre enn på same tid i fjor, då talet var 685 felte dyr.

Sekretær i Viltnemnda Asle Johan Bergseth Konnerth har registrert at jaktresultatet er svakare enn i fjor, eit resultatet som kan ha fleire årsaker. Han nemner Strandadalen der det har vore mindre dyr å sjå enn tidlegare, og resultatet kan kome av ei styrt jakt. Dei ønskjer ikkje å skyte for mykje, men vil ha igjen produksjonsdyr, trur han.

Rett avskyting viktig

I vald som Liabygda, Oaldsbygda og Geiranger er jakta litt seinare enn andre stader så her er ikkje jakta slutt. Det er den ikkje i Sunnylvsbygda heller, for Konnerth har fått telefonar og har ved sjølvsyn konstatert at der er det godt med hjortedyr. Men hausten var litt spesiell, mange bønder hausta gras tre gonger og seint, det vart lite å beite for hjorten, og mildver og ingen snø gjorde beitetilhøva gode i høgda. Alt dette kan ha resultert i mindre avskyting, trur Konnerth.

Det er likevel viktig å ta ut nok dyr, seier Konnerth. –Vi ønska å få kontroll på hjortestamma, få ei berekraftig stamme og passeleg stor for vinterbeita vi har. Det blir felt mange såkalla skrapedyr, ikkje eit bra teikn, det kan tyde på for mange dyr i høve til vinterbeite.

Fóringsforbud

Asle J. B. Konnerth opplyser at det er innført forbud mot å fóre hjort og å legge ut slikkestein. Ved store ansamlingar av hjortedyr fryktar ein å få utbrot av «skrantesjuke», ein prionsjukdom a la kugalskap. Sjukdomen har gått på rein, og det er oppdaga utbrot på elg. Difor er det innført forbud mot kunstig fóring for å prøve unngå at sjukdomen dukkar opp hos hjort.

Konnerth trur det vil bli felt fleire dyr fram til vesle julaftan og antydar eit fellingsresultat på vel 500 hjort i år.

Fellingsrapporten fram til 2. desember kan du sjå her; https://www.stranda.kommune.no/Handlers/fh.ashx?MId1=4&FilId=848

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380