Notiser

Nissekorps til Hellesylt

Det blir kjende og kjære juletonar på Hellesylt laurdag 15. desember frå kl. 14.00 (Foto frå arkivet)

Tradisjonen tru får Hellesylt besøk av nissekorps også denne jula. Laurdag blir det juletonar på butikkane i sentrum.

hellesylt.info har fått opplyst at julenissane som kvart år har brukt å spele juletonar i butikkane på Hellesylt er på veg også i år. Etter planen skal dei vere på Hellesylt laurdag 15. desember der dei fyrst skal ha øving i Sunnylven kyrkje. Litt seinare blir det servering av nissegraut, og ca. kl. 14.00 same dag blir dei å høyre på Coop Marked og Joker.

Der blir det også høve til å vinne ei førjulsgåve om du kjøper lodd av leiinga for korpset. Så legg ein handletur innom dei to butikkane på Hellesylt laurdag 15. desember og få med deg ein mini julekonsert av nissekorpset kl. 14.00.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380