Planla kraftstasjon ved Steimsfossen

Kraftkrisa var stor i Sunnylven på 40-talet, og her i Steimsfossen var det planar om å bygge kraftverk.

I nokre artiklar ser hellesylt.info tilbake på utbygging og produksjon ved Hellesylt Kraftverk. Produksjonen var for liten etter kvart og fleire tiltak vart drøfta.

Regulering av Nedstevatnet og Frøysafalla.

Produksjonen ved kraftverket i Steimsåsane var for liten. Alt på styremøte den 17. mars 1939 vart saka drøfta og der vedtok ein å gå til forhandlingar med grunneigarar på Frøysa om regulering av Frøysafalla og det same på Vollset i Nedstevatnet.

For etter nokre år med drift vart det klart at kraftbehovet var langt større enn produksjonen. Og det var tilgang på vatn i turrperiodar som var det største problemet, noko ein kunne bøte på med regulering av Nedstevatnet ved Vollset, eller med jamn, stabil vasstilgang frå Frøysafalla med ei regulering av Vatnedalsvatnet.

I Nedstevatnet var det snakk om ei senking på 1.0 meter og heving på 0.5 meter i høve normal vasstand. Saka vart fyrst drøfta i 1939, men  årsmøte i kraftselskapet fann å ikkje gå vidare med planane eller innleie forhandlingar med grunneigarane då kostnadane med ei regulering var berekna til 11.000.- kroner.

Frøysafalla vart også vurdert. På generalforsamling året etter vart det orientert om ei mogleg regulering i Vatnedalsvatnet. Styret i kraftselskapet innsåg at det var for lite vatn for auka produksjon av kraft og vedtok å søkje forhandlingar med eigarane på Frøysa om kjøp av fallrettar i Frøysafossen og regulering av Vatnedalsvatnet.

Etter forhandlingar kom ein fram til ein avtale med grunneigarane på Frøysa om bruk av falla. I avtalen, eller handgjevinga som det heiter, står å lese;

  1. Ein kontantsum for falla med regulering, leigerettar m.m. kr. 8.000.-
  2. 10 kilowatt fri kraft.
  3. Fri kraft til tresking og maling av det korn dei avla på garden sin.
  4. Dei gjev fri stolpegrunn
  5. Oppsitjarane forpliktar seg til å ta ut eit pliktkvantum, stort 15 kilowatt og 15 partar

Det vart dissens om denne avtalen på styremøtet, men framlegget til handgjeving vart vedteke.

Det drog ut med å få utført nye tiltak for meir vatn til kraftverket. Truleg var kostnadane for store, og 9. april 1940 kom krigen som vanskeleggjorde fleire ting også i Sunnylven.

Behov og ynskje frå fleire om meir kraft var svært stort. Styret fekk stadig inn søknader frå folk om å få leige meir, for no var den nye tid koma for fullt til Sunnylven med elektriske hjelpemiddel og ljos frå ljospærer på mørke kveldar.

Ei dødsulykke

Etter kvart som åra gjekk måtte det til vedlikehald, også på leidningsnettet. Om det var nytte impregnerte stolpar frå fyrst av er usikkert. I alle fall vart det i 1937 kjøpt inn 37 nye impregnerte stolpar og eit liknande tal i 1939. Arbeidslaget på 4-5 mann starta utskiftinga av stolpar på Jogardsbøen. Dei måtte planlegge arbeidet slik at dei unngjekk straumstans alle dagar, unnateke tysdag og torsdag. Kvifor straumstans kunne tillatast då står ikkje i vedtaket frå styret, men straumen måtte vere tilbake når mørkret kom.

I møteboka blir det fortalt om ei tragisk ulykke med døden til følgje i samband med masteskifting i mai 1939. Det var Ole R. Korsbrekke som var uheldig då han skulle krysse elva på ein stige ein stad ved Stadheim. Han fall i elva og vart funnen att i Steimshølen så forslegen at han døde eit par timar seinare same dag.

Ei frykteleg ulukke der styret drøfta kva dei kunne gjere for å hjelpe huslyden til Ole etter det som hadde skjedd. Dei vedtok å gje ei gåve på kr. 75.- til huslyden. Desse pengane skulle brukast til gravferda. Like ein vart det vedteke å legge ein pen krans på båra med takk for trufast innsats.

Redningsforsøk

Olav N. Ringdal jobba også med masteskifting og prøvde å redde kameraten som fall i elva. Han sjølv kasta seg ut i og ned fossen med det mål å redde Ole, men skadane viste seg å vere store.

Formann og varaformann i Hellesylt kraftlag fekk i oppdrag av styret å utarbeide ein søknad til Carnegius Heltefond for å søkje om ei påskjønning til Olav N. Ringdal. -Sjølv om han ikkje fekk redda kameraten viste han etter styret si meining eit heltemod som bør få ei påskjønning-. Stod det i søknaden.

  1. mars 1940 vart det halde generalforsamling i Hellesylt kraftverk. Her mintes dei Ole R. Korsbrekke som miste livet i teneste for kraftselskapet 9. mai året før. Formannen Jørgen Flo heldt ei vakker minnetale og fortalde elles at Olav N. Ringdal, som prøvde å redde kameraten var tildelt Carnegius Heltefond si sølvmedalje med diplom og 500.- kroner i kontantbeløp.

Strid om ny kraftutbygging

Behovet for meir elektrisk straum vaks med åra og styret i Hellesylt Kraftlag diskuterte stadig kva tiltak dei skulle gå på, om reguleringar i Nedstevatnet og Vatnedalen var nok, eller det skulle etablerast nye kraftverk i Bygdaelva.

I 1946 kom det opp eit nytt alternativ til meir elektrisk straum, nemleg utbygging av Steimsfossen. Ingeniør Høstmark fekk oppdraget med å berekna og lage planar for ei utbygging med stasjon under fossen, eller lenger nede.

Denne løysinga vakte mykje diskusjon. Det vart nærmast ein strid som kløyvde partslaget i to, for og imot. På eit lagsmøte 25. juni 1951 vart ei samrøystes tilråding frå styret lagt fram. Berre 15 medlemer møtte fram og som utgjorde 22 1/3 av dei som hadde røysterett i laget.

Tilrådinga frå styret var lang og omfattande og gjekk på å sjå seg om etter ny kraft frå L.L. Firdakraft gjennom det kommunale selskapet Sunnylven kraftlag.

I neste artikkel refererer vi heile den lange tilrådinga

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380