Lokalnytt

Tredje plass på fylkestingslista

Sp-politikar Jan Ove Tryggestad er klar for nye periodar, både lokalt og på fylkesplan. (Foto frå arkivet)

Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad kom på sikker fylkestingsplass under Senterpartiet sitt nominasjonsmøte på Molde laurdag. Han står på tredjeplass etter Kristin Sørheim, Tingvoll og Geir Inge Lien, Vestnes.

-Det var ein perfekt plass for meg, seier Tryggestad. Han har framleis fokus på arbeidet som ordførar i Stranda kommune og vil ha det også neste periode om han får veljarane si tilslutning. Men tredje plass på fylkestingslista bør vere sikker plass for Sp-ordføraren som trur på kanskje så mange som sju frå partiet etter valet neste haust. I dag har Sp seks representantar. -Går partiet fram er vi budd på å kjempe om fylkesordføraren og med partiet sin kandidat som er Kristin Sørheim, seier Jan Ove Tryggestad.

Her er dei ti fyrste på lista:

1.Kristin Sørheim, Tingvoll

2.Geir Inge Lien, Vestnes

3.Jan Ove Tryggestad, Stranda

4.Marit Krogsæter, Haram

5.Ingunn Golmen, Aure

6.Per Ivar Lied, Ørsta

7.Tove Henøen, Fræna

8.Henrik Stensønes, Kristiansund

9.Bernt Venås, Surnadal

10.Vebjørn Krogsæter, Haram

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380