Lokalnytt

Vann Jule-Quiz på Peer Gynt Galleriet

«Under Kopen» vann Jule-Quizen på Peer Gynt Galleriet 3. juledag. Heile 14 lag deltok i den uhøgtidelege kunnskapstevlinga.

Med seks mann på laget forsvarte «Under Kopen» siger frå i fjor då Peer Gynt Galleriet inviterte til Jule-Quiz tredje juledag. Sigeren vart på 4.5 poeng etter at to rundar på 20 spørsmål kvar var unnagjort. På andre plass kom Merry Quizmas med Die Mannschaft på plassen bak.

Heile14 lag deltok under årets Jule-Quiz som vart leia av Arild Ringdal. Han hadde også leita fram dei 40 spørsmåla som omhandla både historikk, geografi, mat, sport og meir. Ei god og variert blanding som utfordra Quiz-deltakarane i allsidige kunnskapar.

Det vart trekt ut fleire premiar, spandert av næringslivet på Hellesylt på inngangsbillettar, og vinnarlaget av Jule-Quizen på Peer Gynt Galleriet fekk 2.000.- kroner.

  1. Under Kopen 32.0
  2. Merry Quizmas 27.5
  3. Die Mannschaft 27.0
  4. Nederlaget 26.5
  5. Damer med mannskor 26.0
  6. Dalen Turlag 24.5
  7. Toskedalen United 23.5
  8. Rampenissane 22.0
  9. Feriekameratane 22.0
  10. Sol-slimmers 21.0
  11. Lasse Stefans 20.5
  12. OBS skredfare 19.5¨’
  13. Mellom bakkar og berg 18.5
  14. The Fantastic Four 14.0

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380