Lokalnytt

Brøyting i Norangsdalen

Det gjekk unna med den store snøfresaren. Her nermar den seg Geilskreda.

Måndag starta Veidekke AS brøyting av fylkesveg 655 gjennom Norangsdalen. Vegen har vore stengt grunna snø sidan søndag 13. januar.

Sjølv om det har sunke saman mykje er der godt med snø i Norangsdalen. I vegbana ligg den meterhøg og meir enn det.

Måndag starta Veidekke AS rydding av fylkesveg 655 og snøfresaren tok seg raskt fram frå bommen like forbi Fivelstad. Snøfresaren som også har vore nytta på Geirangerfjellet nerma seg Geilskredvatnet då vi tok turen for å sjå. Frå Øye og Skylstad er det brøyta godt forbi Lyngstøylvatnet, har vi fått opplyst.

Grunna dårleg mobildekning i Norangsdalen har vi ikkje hatt kontakt med brøytemannskapet, men truleg blir vegen opna ein av dei fyrste dagane.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380