Lokalnytt

Frå NTNU til Hellesylt for å skrive masteroppgåva.

Tora Vollset til venstre og Anna van der Zwaag har etablert seg i møterommet hos Sparebanken Møre. Ein modell av Hellesylt er alt laga, men no skal det jobbast med resten av masteroppgåva.

I eit par veker fremover er to arkitektstudentar frå NTNU, Anna van der Zwaag og Tora Vollset på Hellesylt for å skrive masteroppgåve med utgangspunkt i stadutvikling på Hellesylt.

Tora Vollset er frå Oslo, men har slektsrøter frå Vollset i Sunnylvsbygda. Saman med studiekollega Anna van der Zwaag som er frå Trondheim buset dei seg eit par veker i feriehus på Vollset for å jobbe og skrive masteroppgåve om stadutvikling på Hellesylt. Dei har fått låne møterommet i Sparebanken Møre på Hellesylt som kontorplass og i dagane framover er dei svært interessert i å kome i kontakt med personar i området, både på Hellesylt og nærområdet. Dei ønskjer å høyre korleis folk synest det er å bu på Hellesylt og i Sunnylven og kva utvikling folk vil ha.

Dei to NTNU-studentane håper mange har lyst til å kome innom og slå av ein prat, det ville vere heilt supert, seier dei. Dei håper å treffe både unge og eldre, damer og menn  som fortel om både godt og gale om stadutvikling på Hellesylt. Anna og Tora vil lytte og bake det inn i masteroppgåva si der dei til slutt skal teikne eit bygg. Kva bygning det blir er sjølvsagt ikkje bestemt, men kanskje får Hellesylt eit hotell teikna etter folk sine ønskje om du stikk innom og kjem med dine synspunkt.

Og for alle som har lyst til å følgje arbeidet til dei to gjennom våren kan ein klikke seg inn på ein instagramkonto som heiter @hellesyltnyefortellinger. Onsdag 30. januar skal dei to NTNU-studentane møte tilsette i Stranda kommune, men frå torsdag blir Anna og Tora å treffe på møterommet i Sparebanken Møre alle kvardagar dei neste to vekene mellom kl. 10.00 – 16.00. Inngangen er på sjøsida.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380