Notiser

Fylkesveg 60 sperra i to timar

Etter omlag to timar vart eitt køyrefelt opna ved Tryggestad

Fredag vart FV 60 sperra ved Tryggestad i Sunnylven i to timar. Ein semitrailer i retning Nordfjord sto fast i bakkane opp like forbi Litlebø Kraftverk.

Det var ein utanlandsk semitrailer, svensk hengar og trekkvogn frå Estland som skapte store trafikale vanskar ved Tryggestad fredag. Frå klokka 12.00 til ca. 14.00 var vegen sperra og etter kvart samla det seg eit 50-talls bilar på begge sider som ikkje kom forbi. Traileren hadde ikkje kjettingar på, men måtte leite dei fram til slutt. Etter to timar vart det eine køyrefeltet opna og køa løyste seg.

Snøver og glatt vegbane har ført til også andre trafikale problem i og nær Sunnylven denne veka. Torsdag kveld køyrde ein trailer i grøfta like ved fylkesgrensa mot Nordfjord og stod fast. Glatt vegbane og kjettinglaust førte også til stans i trafikken like ved Helgesvingen på Hellesylt tysdag kveld. Også der måtte det bilberging til før trafikken kunne gå som normalt igjen.

Det måtte kjettingar på før denne semitraileren kunne halde fram mot Nordfjord.
Tysdag kveld «møttest» desse to på vegen like forbi Helgesvingen på Hellesylt. Ein liten bulk i karroseriet var einaste skade.

(Alle foto: Privat)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380