LokalnyttLokalsport

GPS på trakkemaskina til Sunnylven IL

Finn fram skia og legg trimturen til Hyttehola er oppmodinga frå skigruppa. Og husk, dyktige løypekøyrarar legg forholda til rette for ein flott skitur. (Foto frå arkivet)

Sunnylven IL har fått GPS på løypemaskina i Hyttehola. Ved å gå på nett kan alle sjå når løypene i skianlegget er preparerte.

I Hyttehola er der fantastisk flotte forhold denne vinteren, rikeleg med snø og godt preparerte løyper. Men det er alt for få som nyttar seg av tilbodet frå Sunnylven IL og løypekøyrarane, seier Hans Hole i skigruppa. Han oppmodar alle til å leite fram skia og ta ein tur.

Han fortel at på trakkemaskina er det no montert GPS og frå 30. januar er det mogleg å sjå når løypene i Hyttehola er oppkøyrde og ikkje. Ved å gå på internett og lenke www.loyper.net får ein fram slike opplysningar ved å søke på Møre og Romsdal og Sunnylven IL. Klikk på klubbnamn og svaret kjem med det same.

Bak alle klubbnamn er ein fargekode. Grøn farge betyr at løypene er køyrde opp no, blå at dei vart køyrde i går, rødt for to dagar, oransje køyrd for fire dagar sidan, og svart ikkje køyrde.

Løypekøyrarar for Sunnylven IL er Asle Fivelstad og Ottar Frøysa Hellebostad. Løypene i Hyttehola er preparert i dag 30. januar. Og ikkje gløym å registrer deg ved StikkUt-posten i sørenden av løypa. God skitur.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380