Lokalnytt

Klart for Superhelg i 4H

Fyrste helg i februar samlast 4H-arar frå heile fylket til Superhelg med prisutdelingar i Elnesvågen. (Illustrasjonsfoto)

Over hundre er påmeldt til Superhelg i 4H Møre og Romsdal i Elnesvågen i Fræna i helga. Her samlast ungdom frå heile fylket for å bli gode leiarar og styremedlemer.

Pressemelding 4H

– Det er utruleg kjekt at så mange har meldt seg på, og at det blir med medlemer frå heile fylket, smiler Sigrun Sjømæling (19), kursansvarleg frå fylkesstyret i 4H.

Styrekurs for ungdom
4H Møre og Romsdal arrangerte Superhelg i 4H for første gong i 2017, og tilbodet har vore populær. I løpet av kurshelga blir det arrangert både styrekurs, plakettfest og fylkesårsmøte. Dei fleste deltakarane er mellom 10 og 18 år, og får god opplæring i det å drive organisasjonsarbeid.

– Deltakarane får lære om dei forskjellige styreverva. Vi har kurs for leiarar, sekretærar, kasserar, styremedlemmer og ringrevar – dei som har vore med i styret ei stund. Vi har også eit kurs for vaksne leiarar og klubbrådgjevarar, fortel Sigrun Sjømæling.

Laurdag får alle delta på plakettfesten til 4H, der medlemmene som er ferdig med sitt 4H-løp på minst sju år får plakett og vitnemål. På søndag deltar alle på årsmøtet i fylkeslaget og får lære om korleis eit årsmøte er bygd opp og blir gjennomført.

– Men det er ikkje berre teorikurs og møte vi skal gjennom. Det blir også masse tid til sosialt og moro, smiler Sjømæling.

Stor aktivitet

4H Møre og Romsdal har også andre arrangement utover våren og sommaren. 12.-14. april inviterer fylkeslaget til «Senior- og alumnsamling» for ungdomar frå 15 år og oppover, og 27. til 30. juni er det klart for fylkesleir med fleire hundre deltakarar på Gjermundnes vidaregåande skule i Vestnes kommune. I september inviterer fylkeslaget til Storkurs i Valldal.

– 4H er sosialt, morosamt og aktivt – og vi lærer ved å gjere. Framtida treng ungdom som er god på dette, slår Sigrun Sjømæling fast.

Utruleg kjekt med så mange påmelde til Superhelga, seier Sigrun Sjømæling, kursansvarleg frå fylkesstyret i 4H.

 

 

 

 

.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380