LokalnyttLokalsport

KM skiskyting søndag

Trym Helset var nær pallen søndag med fjerde plass. (Arkivfoto)

Seks løparar frå Sunnylven IL deltok under andre dag av KM skiskyting på Ullsheim.

Elias Helset gjorde eit storløp laurdag og sikra seg KM-tittelen. Men søndag var han ikkje like treffsikker på standplass og skaut på seg seks strafferundar og vart nr. fire. Sigeren i G14 gjekk til nr. to frå laurdag, Marius Sætre Hove, Volda TIL.

I G11 kom Trym Helset på fjerde plass, det same gjorde Sofie Kjellstad i J12. Andre frå Sunnylven IL var i klasse nybyrjarar, Johannes Friestad, Marta Friestad og Sander Sjåstad Hole.

Resultatliste frå arrangøren Markane IL her; http://markane-il.idrettenonline.no/blog/post/136665/resultat-skiskyting-ullsheim-13.1.-sprint-og-km-fellesstart?ispage=true

Nybyrjar Sander Sjåstad Hole stilte på start både laurdag og søndag. (Arkivfoto)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380