LokalnyttLokalsport

Krinsmeister i skiskyting

Elias Helset, ein jublande KM-vinnar i skyskyting laurdag.

Elias Helset, Sunnylven IL vart krinsmeister i skiskyting sprint på Ullsheim i Markane laurdag.

Elias Helset i G14 fekk full klaff og gjekk eit kjempeløp under KM i skiskyting på Ullsheim laurdag. Under flotte forhold susa han i mål som vinnar, 15.1 sek føre Marius Sætre Hove Volda TIL. Elias skaut på seg ein strafferunde på fyrste skyting og låg på andre plass 17 sek. bak leiaren og 3 sek. føre neste mann. Men der i frå og inn såg han seg ikkje tilbake, skaut feilfritt på neste skyting og gjekk godt i løypa. Dermed vart det toppen på premiepallen og KM-tittel i sprint i klasse G14.

Sjå alle resultat her: http://markane-il.idrettenonline.no/blog/post/136626/restultatliste-km-skiskyting-sprint-ullsheim-12.1.19?ispage=true

Sunnylven IL stilte med totalt åtte deltakarar, fem i nybyrjarklassa som alle fullførte og fekk premie. Gode løp gjorde også Trym Helset i G11, og Sofie Kjellstad i J12, også dei to fekk flotte premiar frå arrangøren Markane IL.

Søndag held KM skiskyting fram med nye renn på Ullsheim.

Deltakarar frå Sunnylven under KM skiskyting. Frå Venstre Ingeborg Fivelstad Stadheim, Siv-Anita Nessan, Sofie Kjellstad, Trym Helset, Oskar Ringdal, Elias Helset, Kristen Brenne Ringdal, Sander Sjåstad Hole.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380