Lokalnytt

Med lyd og fart i akebakken

På Øvsthaugen var mange ivrige deltakarar på plass under akedagen.

Godt med kuldegrader, masse snø og bratte bakkar var ramma då Fjellrosa 4H inviterte til akedag på Øvsthaugen i Langedalen søndag. Og frammøtet var godt.

Alle foto: Gunnar S. Fivelstad

-Dei hadde det moro, det kunne eg høyre. Det var både rining, latter og andre høge lydar under det som måtte vere ein kjekke akedag. Det fortel Astrid Langeland på Øvsthaugen, der 4H-arane og fleire andre fann dei flotte bakkane for aking søndag. 42 unge og eldre, også nokre innvandrarfamiliar frå Stranda kom for å more seg på varierte farkostar, og i ein pause vart det grilla pølser til alle og som også denne gongen var spandert av Ole Ringdal AS. At det var rundt 10 minusgrader var knappast nokon som merka.

Klubbleiar i Fjellrosa 4H er Linus Frøysa. Klubben vert driven av medlemmane. Silje Stadheim er klubbrådgjevar A, Gunnar Friestad og Gunn Elise Gjelsvik er klubbrådgjevar B. 4H-klubben har 14 medlemer i år, mellom dei Marta og Johannes som bur på Øvsthaugen og som var vertskap på ein morodag for mange.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380