LokalsportNotiser

Samlagsmeister frå Sunnylven skyttarlag

Isak Frøysadal Hauge frå Sunnylven skyttarlag med synlege bevis som samlagsmeister i miniatyr. Samlagsformann Ola Vangen delte ut prisen. (Foto: Kirsti Frøysadal Hauge)

Isak Frøysadal Hauge frå Sunnylven skyttarlag vart samlagsmeister i eldre rekrutt miniatyr søndag.

Engesetdal – Skodje skyttarlag var arrangør av samlagsmeisterskap i miniatyrskyting søndag. Her vart det ein spanande duell i eldre rekrutt som Isak Frøysadal Hauge gjekk sigrande ut av. Den treffsikra skyttaren vart samlagsmeister i si klasse.

Men det var på håret, kunne mor Kirsti fortelje på telefon. Tre gode deltakarar i klassa skaut 350, så det vart treff inner-tier som avgjorde rekkefølgja.

Isak Frøysadal Hauge skaut 350 (19) inner-tier.

Nora Sæterøy Høybakk, Langevåg, 350 (18)

Robin Lade Lie 350 (14)

hellesylt.info gratulerer Isak med samlagsmeister-tittel.

Andre resultat for deltakarar frå Sunnylven skyttarlag: nr 2 i rekrutt: Ørjan Frøysadal Hauge, og Dag Andre Hauge nr. 3 i klasse 3-5.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380