Lokalnytt

Store snømengder førte til straumbrot

Store snømengder førte til både trefall, knekte isolatorar og straumutfall på høgspentlinja i Sunnylvsbygda. (Illustrasjonsfoto)

Natt til laurdag var det straumutfall i Sunnylvsbygda. Enorme snømengder førte til trefall og øydelagde isolatorar.

Det var ca. kl. 00.30 natt til laurdag 19. januar at deler av Sunnylvsbygda vart mørklagt. Frå Øie til Frøysa kom straumen tilbake etter kort tid, men abbonentar i øvste del av bygda måtte vente i 18 timar før straumen var tilbake.

Nettsjef Terje Årdal i Stranda Energi AS fortel at årsaka var to øydelagde isolatorar og eit trefall på høgspentlinja i plantefeltet på Frøysa. Det var folk ute heile natta for å leite etter feilen, men mykje djup snø og kraftige snøbyger gjorde leitearbeidet vanskeleg i mørke. Fyrst ut på neste dag vart feila funne og utbetra.

Årdal fortel at høgspentlinja frå Frøysa til Hole er ny med isolerte trådar. Men snømengda på linja var så stor at isolatorar small av og isolasjonen på trådane vart gnaga av på traversane. Dermed vart det kortslutning og straumutfall.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380