LokalnyttLokalsport

Arrangerer meisterskap i skiskyting

Skiskyttaranlegget i Hyttehola har 15 blinkar med snortrekk.

Skiskyttargruppa i Sunnylven IL er arrangør av Landsdelsmeisterskap i skiskyting laurdag 9. og søndag 10. februar. Verutsiktene for helga er gode og funksjonærlista fylt opp, seier rennleiar Magne Brekke.

Skiskyttargruppa i Sunnylven IL har alt klart til Landsdelsmeisterskap i skiskyting til helga. –Vi har full kontroll og ventar 127 deltakarar laurdag og litt mindre søndag. Det seier rennleiar og formann i skiskyttargruppa i SIL, Magne Brekke.

Alle aldersklasser

På programmet under Vestlandsmeisterskapen, eller gjerne VM står sprint med strafferundar laurdag og normalprogram med tillegg i tid på søndag. Påmelde deltakarar er i alder frå 9 år til senior. Dei kjem frå klubbar som Voss, Vik, Fana og Eldar IL i Hordaland og Markane, Stårheim og Hardbagg for å nemne nokre frå Sogn og Fjordane. Frå Sunnmøre kjem det deltakarar frå Volda og Sunnylven, klubbar som er tilslutta Sogn og Fjordane skiskyttarkrins, seier Magne Brekke.

Mange nye frå arrangøren

Arrangørklubben Sunnylven IL er inne i eit generasjonsskifte i skiskyting. Klubben stiller med 13 deltakarar, mange av dei i Nybyrjarklassa. Tidlegare har Sunnylven IL hatt løparar som har hevda seg godt både lokalt og nasjonalt som Trygve Aaland Tryggestad, Emilie Brekke, Inger Ringdal Sæter og Inga Elise Vik for å nemne nokre. Om det blir VM-tittel eller medalje til klubben denne gongen er meir usikkert, men 14-årige Elias Helset har vunne tidlegare i vinter og kan gjere det igjen.

Nytt klubbhus

Det er strøkne forhold i skiskyttaranlegget til Sunnylven IL. I Hyttehola like ved Tronstad og to kilometer frå fylkesgrensa er det rikeleg med snø og nye, flotte fasilitetar for både deltakarar og publikum. I samarbeid med skyttarlaget i bygda opna idrettslaget eit nytt klubbhus med opphaldsrom, kiosk, toalett og meir for eit års tid sidan. Det var ei stor nyvinning både for publikum og deltakarar. Ved stadion er det stor parkeringsplass.

Nest største arrangement

Rennet går over to dagar og startar laurdag kl. 13.00, og søndag kl. 11.00. Mange må ha overnatting og fleire må søkje til nabobygdene for å få det. –Vi skulle så gjerne hatt eit hotell i bygda, men no blir det hytter eller hotell i nabobygda. Nokre har også eigen bubil og har fått tilvist parkeringsplass, seier Magne Brekke.

Gratis å sjå på

I alt 60 funksjonærar, frå parkeringsvakter, kiosk, startarar og tidtakarar er i sving under arrangementet som er det nest største i Sunnylven etter Hellesyltdagane. – Vi har på plass nok mannskap til rennet og vi har fått god støtte frå sponsorar så vi er både kry og stolte over å vere arrangør av Landsdelsmeisterskapen, seier rennleiar Magne Brekke. Han håper også at mange publikum tek turen til Hyttehola under meisterskapen. Det er gratis å sjå på og ein spanande idrett, seier han.

Magne brekke er leiar i skiskyttargruppa i Sunnylven IL og rennleiar under Landsdelsmeisterskapen i Hyttehola.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380