Lokalnytt

Årsmøte i Sunnylven Sau og Geit

Sunnylven Sau og Geit har halde årsmøte med 18 medlemer til stades. Synnøve Kjellstad er styreleiar i laget.

Det var vanlege årsmøtesaker som stod på saklista då Sunnylven Sau og Geit heldt årsmøte på Sunnylvsbygda Grendahus i slutten av januar. Frå ei fyldig årsmelding kan ein lese at laget hadde 26 medlemer i 2018, tre færre enn året før. Laget organiserer ullinnsamling i Sunnylven og oppsamlingsstader er Frøysa, Haugen i Nibbedalen og Tronstad. Laget sel spesielle sekkar som skal brukast til ull.

Det vart utbetalt skotpremie på åtte revar mot ni året før. Sunnylven Sau og Geit var invitert og deltok på kåringssjå på Stranda, og laget har søkt og fått middlar til oppretting av beitelag i Sunnylven. Under folkefesten på samfunnshuset sist haust, «Det store i det litle» deltok laget og viste fram banneret frå NSG for fyrste gong.

Godkjent

Årsmeldinga fortalde også om årsmøtet året før der laget hadde leigd inn meisterkokk Lars Helge Hanssen som til dagleg jobbar ved Ona og Finnøy Havstuer, til å ordne serveringa til årsmøtedeltakarane. Det vart servert matrettar av sau. –Møtedeltakarane fekk ei smaksoppleving av dei sjeldne, som viste at det kan lagast gode matopplevingar også av sau, står å lese.

Både årsmelding og rekneskap vart godkjent, men den litt feststemte serveringa på årsmøtet var medverkande til at rekneskapen for 2018 kom ut med underskot på 5.800.- .

Val

Styret: Leiar: Synnøve Kjellstad (1. år) Styremedlemer: Marit Hellebostad (2 år), Bente Bonsaksen (2 år), Astrid Tronstad Dyrkorn (ny 1 år), Per Kjell Leite.

Varamedlemer: Peder Rune Tronstad (1 år)

Revisorar: Hans Hole, John Arne Langeland.

Gjetarhundkontakt: Bente Bonsaksen.

Valnemnd: Svenn Roger Alme leiar, Kurt Erik Sundgot, Jørn Stadheim.

Etter mange år gjekk Inge Røyrhus ut av styret i Sunnylven Sau og Geit og på slutten av årsmøtet overrekte styreleiar Synnøve Kjellstad ei blomsterhelsing frå laget og takka han for innsatsen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380