Lokalnytt

Attval i Sunnylven Pensjonistlag

Styret i Sunnylven Pensjonistlag, frå venstre John Langeland, Odd Jostein Bjørdal, Astrid Langeland, Mia Sjåstad, Lilli Karin Ljøen, Håkon Hasle.

Nær halvparten av medlemane møtte fram då Sunnylven Pensjonistlag heldt årsmøte på Sunnylven kyrkjelydshus. Og alle årsmøtesaker vart klubba gjennom samrøystes.

Sunnylven Pensjonistlag har lagt eit svært aktivt år bak seg. Sekretær Håkon Hasle kunne vise til mange store og små tilstellingar i årsmeldinga for 2018, vaffeltreff, potetballtreff, markering av eldredagen, og tur til både Loen og til Stranda-Moldskredalen. Også konserten på Sunnylven samfunnshus med Åsmund Nordstoga og Åsmund Reiestad i høve Vinje-året vart godt besøkt, og det same var julebordet til Pensjonistlaget med 80 frammøtte. Medlemstalet er vel 120.

Også økonomien i laget er god til trass for stor aktivitet. Rekneskapen for 2018 kom ut om lag i balanse, men laget har pengar på bok. Av større gåver tek vi med at det vart kjøpt ny markise over uteplassen ved Sunnylven omsorgssenter, også støtta økonomisk av Gjensidige forsikring.

Val

Valkomiteen med Knut J. Tryggestad leiar, og Oddmund Fivelstad hadde ei lett oppgåve i år. Alle, også dei som stod på val held fra.

Leiar i Sunnylven Pensjonistlag er Astrid Langeland og har desse med seg i styret som konstituerer seg sjølve: Odd Jostein Bjørdal (attval), Mia Sjåstad (attval), Lilli Karin Ljøen (attval) Håkon Hasle og John Langeland.

Varamedlemer: 1. Ruth Tronstad (attval), Magnar Bjørdal.

Valnemnd: Knut J. Tryggestad, Oddmund Fivelstad.

Programinnslag

Songheftet vart brukt fleire gonger under årsmøtet, og til tonefylgje på trekspel av Oddvar Gausdal, medlem i dansebandet «Fossedur».

Tordis Urke er busett på Stranda, men har sine slektsrøter frå Bjørdal i Sunnylven. Under årsmøtet i Sunnylven Pensjonistlag fortalde ho om slekta si på Bjørdal og las fleire dikt av mora Solveig.

Som svært ung budde Solveig på fjellgarden Blomberg i to år grunna smittefare ved alvorleg sjukdom. Solveig Sundgot var ei flink skulejente, men det vart garden heime på Bjørdal som vart hennar plass livet ut.

Då krigen kom møtte ho ein dreng frå Ulsteinvik og snart vart det giftarmål. Inn i mellom arbeidet på garden vart ei stor, vakker diktsamling til. Ho og ektemannen Leif skape ein god heim, sa Tordis som avslutte kåseriet sitt med eit dikt ho har skrive sjølv, «Den mjuke handa».

Tordis Urke hadde ikkje med verken køyrerekning eller andre krav for programinnslaget, sa leiar Astrid Langeland, men ho takka henne så mykje og overrekte henne ein lys/glasvase frå laget.

Minner av Bratager

Av andre innslag under programmet fortalde John Langeland om Laura Ringdal Brataker som vandra ut til Amerika. Han hadde funne ei bok ho hadde skrive der ho skildra opplevingar under ei heimreis. Ei av ljosekronene i Sunnylven kyrkje er ei gåve frå Sunnylvslaget i Minneapolis, overrekt av Laura Ringdal Bratager under gudsteneste 20 juli 1930.

Under vegs på årsmøtet i Sunnylven Pensjonistlag vart det servert pølse og potetstappe, riskrem og kaffi.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380