LokalnyttLokalsport

Deltek i Norges Cup langrenn

Kristine Hjellbakk Hole NTG-L/Sunnylven IL under 5.0 km. klasisk i NC Junior (Foto: Privat)

Kristine Hjellbakk Hole er mellom fleire hundre deltakarar i Norges Cup for junior. Fredag var det 5.0 km. klassisk.

Kristine Hjellbakk Hole er elev ved NTG-Lillehammer, men representerer også Sunnylven IL. Denne helga er det NC for junior med Åsen IL som arrangør og fredag var det 5.0 km. klassisk som stod på programmet. Her vart Kristine nr. 30 mellom 104 som fullførte i klassa. Vinnar vart som så mange gonger før Emma Kirkeberg Mørk, Drammens Ballklubb.

Laurdag er det sprint under NC junior og søndag 5.0 km. fristil for J17.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380