Lokalnytt

Fjellgården på Ljøen med konsertar

Mellom artistar under konsert i amfiet på Øvre Ljøen i 2017 var Egil Olsen heilt til venstre. Dei andre var Kevin Steinman, Mads With, Stig Ulv.

Eit variert konsertprogram er alt på plass ved Fjellgården Øvre Ljøen Amfi 2019. Her er det datosett tre konsertar med spanande artistar, både kjente og mindre kjente for mange vil vi tru.

Vangsgutane 15 juni.

Vangsgutane, ei gruppe på sju med folkrock-inspirert repertoar opnar det heile laurdag 15. juni. Det har gått meir enn 25 år sidan Vangsgutane heldt sin fyrste konsert. Musikken har alltid vore inspirert frå Irland og Dei britiske øyar og blir ein gobit for alle som likar den sjangeren.

Vangsgutane har også damer i bandet med Britt Elise Skram på fele. Resten består av
Gunnar Rafteseth trekkspill, Jørgen Wiik fløyter, Lasse Krogseth bass, Magne Steinsvoll på mandolin og banjo, Terje Bystøl Hansen trommer, og Karl Arne Frantzen gitar og vokal.

Amund Maarud og Malin Pettersen

Ei veke seinare, laurdag 22. juni kjem Amund Maarud band og vokalist Malin Pettersen, blues/rockemusikar frå Nes i Akershus. Amund Maarud er både låtskrivar, gitarist og vokalist.

Egil Olsen

Trubadur Egil Olsen har stått på scena i amfiet på Ljøen fleire gonger tidlegare. Laurdag 6. juli er han tilbake, same helg som Hellesyltdagane blir arrangert. https://www.facebook.com/hellesylt.info/videos/1380284712049629/

Billettar på nett

Alle konsertane startar klokka 18.00 opplyser Ole Hjalmar Bonsaksen hos arrangøren. Han opplyser at det i år er høve til å kjøpe billettar på nettet til 300.- kroner pr. konsert, noko som gjev god reduksjon i prisen. Billettsalet er alt i gong og sjølv om det er over fire månader til fyrste artist står på scena i Øvre Ljøen Amfi har mange kjøpt billettar alt.

 

 

 

 

 

/

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380