LokalnyttLokalsport

Gjekk til sølv på heimebane

Elias Helset, Sunnylven IL har fleire medaljer frå tidlegare i Landsdelsmeisterskape. Søndag vart det ei flott sølvmedalje på heimebane.

Det vart andre plass på Elias Helset under Landsdelsmeisterskap i skiskyting i Hyttehola søndag. Sølvmedaljøren frå Sunnylven IL var fornøgd og smilte breitt.

Andre dag av Landsdelsmeisterskap i skiskyting hadde god deltaking med i alt 126 løparar på start søndag. Også veret var på arrangør Sunnylven IL skiskyting si side sjølv om det dryssa lett med snø på slutten av meisterskapen.

Sunnylven skiskyting stilte 12 løparar søndag og mange leverte flotte renn med god skyting og fart i løypene. Aller best på heimebane leverte Elias Helset i G14 som gjekk i mål til sølvmedalje, eit resultat som gleda både løparen og den aktive gjengen i Sunnylven skiskyting. Elias fekk ikkje ut det han er god for på standplass laurdag, men søndag sat sju av treffpunkta i svarten. Berre vinnaren Marcus Andersen, Hålandsdal IL skaut betre og vart vinnar av klasse G14. På tredje plass kom Vestlandsmeisteren frå laurdag Marius Sætre Hove, Volda Turn og IL.

Også dei andre frå Sunnylven IL markerte seg godt søndag. I J 10 nybyrjar deltok Siv-Anita Aasheim Nessan (0-0), og Marta Friestad (4-2). I G 10 nybyrjar Sander Sjåstad Hole (0-0), Kristen Brenne Ringdal (0-1) og Oskar Ringdal (0-0). Deltakarar i desse klassene går ikkje om meisterskapsplasseringar.

I G 11 kom Trym Helset på 5. plass etter flott skyting (0-1), her vann Emil Blikberg Gjerald, Eldar IL.

I G 12 var det 7. plass til Johannes Friestad (4-4), og i same klasse for jenter vart Sofie Kjellstad nr. 5 (1-1), Kristin Langeland nr. 6 (0-2), og Tonje Støverstein nr. 9 (3-5).

J 13: Nr. 9. Nikoline Frøysa Hellebostad (4-5)

Av skiskyttarklubbar som vi finn igjen høgt på premielistene må nemnast Stårheim IL, Hålandsdalen IL, og ikkje minst Markane IL. Men det største talentet og som viste strålande skyting og god langrennsform under meisterskapen i Hyttehola går for Hardbagg IL. Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim var suveren laurdag og enno klarare vinnar søndag under Normalprogrannet. Kanskje såg publikum i Hyttehola denne helga ein ny internasjonal toppløpar frå Nordfjord.

Les resultat her.

Tonje Støverstein kom i mål til 9. plass på søndag. Thea Dispen Lødemel, Markane IL har startnr. 71.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380