Vedtok aktivitetsplan

Barnelaget og leikarringen der er ein svært aktiv del av HUL og som har gleda både fastbuande og andre. På bildet er det cruisegjestar ombord i Arcadia i 2016 som får oppleve dans på cruisekaia.

På årsmøtet i Hellesylt Ungdomslag vart det lagt fram ein lang og variert aktivitetsplan for komande år. Planen vart vedteken.

Om det blir slik som det står å lese på aktivitetsplanen for Hellesylt Ungdomslag vil året by på både underhaldning, dans, kunnskapstest, mange sosiale samvær og meir. På ei lang liste som vart vedteke på årsmøtet har både unge og eldre mykje å glede seg til.

Hellesylt Ungdomslag delteke i kunnskapstesten Kven veit, laget representert på fylkeskappleik i Valldal i mars og på årsmøtet til SFU med Sjåstadalen Ungdomslag, Bjørke seinare same månad.

Grendakvelden er nr. 42 i rekka og blir i år laurdag 13. april. Det er Bygdarane som står for programmet og dansebandet Contrazt syter for dansemusikken, som i fjor.

Ungdomslaget arrangerer swing-kurs for danseglade, Dansens Dag blir markert måndag 29. april, og barneleikarringen opptrer på samfunnshuset og ved omsorgssenteret 17 mai. Same dag blir det også underhaldning med dans på samfunnshuset om kvelden.

Fredag 5. juli er Hellesylt Ungdomslag og Sunnylven sokneråd arrangørar av konsert i Sunnylven kyrkje under Hellesyltdagane. Kven artisten blir i år er ikkje bestemt, men fleire kjente er på lista, får vi opplyst. To dagar seinare går andesleppet, det andre innslaget som laget har ansvar for under sommarfesten på Hellesylt.

Sunnmørsstemnet for born blir på Vatne 6. – 8. september, det blir Generasjonsfest i Sunnylven samfunnshus i oktober/november, laget sine unge dansarar reiser på Sjokoladekappleik, kvar er ikkje kjent, og det blir solsnubading på badestranda. Vintersolverv i år er søndag 22. desember 4. søndag i advent.

Til slutt på Aktivitetsplanen står skodespel med HUL-teatret 4. juledag. I fjor mangla teatergruppa mannlege aktørar i rollene, men ryktet seier at dei lova å stille på «neste år», så då er det berre å glede seg til ny moro med HUL-teatret i romjula.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380