LokalsportNotiser

Går Norgescup på Lygna

Nok eit renn for Kristine Hjellbakk Hole, denne gongen Norgescup-avslutning på Lygna. (Foto: Hans Hole)

Etter ein lang og god sesong går juniorløpar Kristine Hjellbakk Hole avslutningsrenn på Lygna denne helga. Fredag testa ho krefter mot VM-grossistar.

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL (K 17) er mellom løparane under NM del 2. og Norgescup-avslutning i langrenn på Lygna. Fredag var det 5.0 km. fristil og her kom Kristine i mål i tøffe løyper til ein flott 118-plass på 14.53.8.

Medaljegrossistar frå VM, Therese Johaug (1), Ingvild Flugstad Østberg og Astrid Uhrenholdt Jacobsen toppa som venta resultatlista der heile 260 løparar fullførte distansen.

Kristine går Norgescup-finalen for junior denne helga der dei 50 beste samanlagt får delta. Før renna på Lygna låg ho på 26. plass.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380