Lokalnytt

Held informasjonsmøte før cruisesesongen

Det går mot ein ny, stor cruisesesong i 2019. Til Geiranger kjem over 200 båtar og til Hellesylt vel 140. Her er det Costa Pacifica som tek ombord cruisepassasjerar på Hellesylt etter tur «over land». (Foto frå arkivet)

Orientering om sesongen 2019, trafikkbildet, nye forskrifter, strategi og handlingsplan er mellom saker som står på programmet når Stranda hamnevesen inviterer til ope orienteringsmøte på Hellesylt 1. april.

Dette er ingen aprilspøk, men eit møte som Stranda hamnevesen held årleg framfor ein ny cruisesesong, seier hamnesjef Rita Berstad Maraak, men i 2019 inviterer vi mykje breiare. Under informasjonsmøtet på Hellesylt blir det orientert om fleire ting, mellom anna om ein årviss øvelse 6. mai, og om samarbeid mellom involverte innan cruisenæringa.

Felles plattform

-Øvelsen 6. mai blir halde for sjette året på rad. Den handlar mellom anna om beredskap i høve regelverket vi skal forhalde oss til og andre uforutsette hendingar som kan oppstå. Med på desse øvingane er mannskap frå kommune, politi, Geiranger Fjordservice, i tillegg til personell frå Stranda hamnevesen.

Vi i hamnevesenet ønskjer å løyse uike oppgåver i fellesskap med andre. I bygdelaga har vi alle våre interesseorganisasjonar og lag. Personlig skulle eg ynskje at vi hadde ein stor destinasjons- og salgsorganisasjon for heile kommunen sidan her er massevis av synergiar. Då viser eg spesielt til alle dei ulike tilboda i og rundt Geiranger, tilboda som ligg på VisitStranda, alt som Bonseye kan tilby og sist men ikkje minst Ibsen-appen på Hellesylt.

Kommunalt ansvar

På saklista til møtet står også orientering om trafikkbildet, regulering og forskrifter m.m. Gjeld denne saka også på –og avstiging til bussar for cruisetrafikken på Hellesylt?

-Stranda hamnevesen sitt ansvar er knytt til sjøområde –og hamner i kommunen. Når det gjeld det øvrige trafikkbildet og parkering av bussar så har ikkje vi mynde på dette området. Slik vi tolkar regelverket så ligg dette ansvarer hjå kommune, politi og Statens Vegvesen. Vi eig heller ikkje areal på Hellesylt for å tilrettelegge for eigne parkeringsplassar for bussar. At det ein times tid morgon og ettermiddag kan vere litt kaos når cruiseturistane skal på og av bussane, har vi forståing for og det må vere ein felles ambisjon å få løyst desse utfordringane.

I Geiranger er det Stranda eigedomsselskap som frå 2019 har fått tildelt ansvar for parkering og oppstillingsplass for all buss- og biltrafikk, seier Rita Berstad Maraak.

Påmelding

Informasjonsmøtet til Stranda hamnevesen blir halde i Peer Gynt Galleriet, Hellesylt måndag 1. april kl. 11.30 – 14.00. Stranda hamnevesen ønskjer både innspel og konkrete forslag til både trafikkavvikling og andre ting, og det blir høve til både spørsmål og diskusjon på møtet.

På grunn av servering ønskjer arrangøren påmelding til; hamnevesenet@stranda.kommune.no innan 27. mars.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380