LokalnyttLokalsport

I mål på Birken

I mål på Birkebeineren skistadion, Olav Erling Aaland til sitt fyrste og Anniken Hjellbakk Hole til åttande merke i Birken. (Foto: Privat)

Årets Birkebeinerrenn er ferdig og tusenvis av løparar fullførte det 54. km. lange turrennet. Mellom tøffe milslukarar på ski var også Sunnylvingar

Fin tur, god stemning

Anniken Hjellbakk Hole og Olav Erling Aaland representerte Sunnylven IL under Birkebeinerrennet frå Rena til Lillehammer. Også Hans Kristian Stadheim deltok og alle fullførte langt under merkekravet.

Anniken Hjellbakk Hole deltok i Birken for åttande gong. Lenge var ho litt usikker på deltaking då ryggen ikkje har spela på lag i vinter. Difor har ho ikkje gått andre renn heller, men ho har trena. Og då det no kjendest bra ut vart det start nok ein gong, fortel Anniken. Det gjekk bra, ho hadde ein fin tur over fjella, god stemning i fint ver, fortel ho. Også sluttida vart god, 3.26.01 gav 18 plass i klasse K 25-29. Bestetida frå 2016 på rundt 3.12.- overlevde sjølv om far Hans hadde ordna gode ski. Anniken vurderer å melde seg på til neste års Birken alt no. –Eg får sjå, vurdere det litt i nokre dagar.

Gode ski

Olav Erling Aaland gjekk Birken for fyrste gong, men det blir ikkje den siste om vi forstod han rett i telefonen frå Trondheim dagen etter styrkeprøva. Også han var godt fornøgd med resultatet, men vedgjekk at han merka å ha gått Birken dagen før.

–Turen over fjella frå Rena til Lillehammer var ei grei reise. Eg har trena bra og hadde gode ski. Dei hjelpte far Gisle å ordne og det kan han etter lang erfaring. Eg hadde både godt feste og god gli, nok som kan vere vanskeleg å treffe då det er store variasjonar i temperaturen frå start til mål, seier Olav Erling. Han unngjekk uhell på turen, men så heldige hadde nok ikkje alle vore. Der låg brekte skistavar fleire plassar, fortel han.

Olav Erling Aaland fullførte rennet på 3.04.26 som er av beste debutanttider av ein deltakar frå Sunnylven IL. Tida gav 89. plass i M 24-29, ei av dei største og tøffaste klassene i Birkebeinerrennet.

Nådde målsetjinga

Hans Kristian Stadheim gjekk i mål til sitt 12 merke i Birken laurdag 16. mars. Den britiske langrennstrenaren frå Sunnylven stilte for Oslo-klubben Lyn Ski og gjekk i den britiske langrennsdrakta. Klubb eller påkledning var nok ikkje det viktige, men målet var å gå Birken under tre timar. Då han ikkje hadde delteke dei siste to åra fekk han pulje 3 og mange løparar framfor seg. Det vart mykje kø-gåing i starten, men etter kvart kom han seg fram, sa Hans Kristian. Han nådde målet med nokre sekund til gode, 2.59.09 som gav 33. plass i M 30-34.

Hans Kristian Stadheim i mål på Birken for 12. gong.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380