Lokalnytt

I tvil, men tok mot leiarjobben

Inge Bjørdal (i midten) er ny styreleiar i Storfjordens Venner, fankert av avtroppande styreleiing, Kjell Løseth til venstre og Bjørn Steinar Skarbø. (Foto: Helge Søvik).

Næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal hoppa rett inn i toppvervet som Styreleiar i Storfjordens Venner på årsmøtet nyleg. Han tek over etter Kjell Løseth, Straumgjerdet.

Det vart leiarskifte i styret for verneorganisasjonen Storfjorden Venner på årsmøtet i Valldal laurdag. Inge Bjørdal frå Sunnylven kom «utanfrå» og vart valt til ny styreleiar. Ei krevjande oppgåve, seier han.

-Eg var i sterk tvil om eg kunne ta på meg dette vervet, men dei greidde å overtale meg. Å leie denne organisasjonen er ei krevjande oppgåve så no spørst det berre om døgnet har mange nok timar. I Stranda kommune jobbar eg med mange store saker for tida, mellom anna med ein næringsplan.

Men eg er interessert i arbeidet som Storfjordens Venner gjer og eg er imponert over det dei har fått til. Dei har gjort eit godt arbeid på alle restaureringsprosjekta, no sist på Kurlå i Sunnylven som er ferdig, og dei har opparbeidd seg eit godt renomé nasjonalt.

På årsmøtet kom det på plass gode styremedlemer og i tillegg har organisasjonen eit veldig godt apparat, seier den nyvalde leiaren som nemner mellom anna Einar Hoel frå Valldal som er administrativ leiar og kontaktperson inn til Storfjordens Venner.

Val

Innstillinga frå valnemnda på tre nye i styret var Inge Bjørdal som ny leiar, Randi Sæter som ny nestleiar og attval på Nils Roger Matvik. Alle val var samrøystes. Kjell Løseth frå Straumgjerde gjekk ut av styret etter seks år som leiar, og det same gjorde Bjørn Steinar Skarbø etter fem år som nestleiar. Begge fekk stor ros og blomar for innsatsen sin for Storfjordens Venner.

Det nye styret i Storfjorden Venner vart:

Leiar: Inge Bjørdal, Sunnylven (ny)

Nestleiar: Randi Sæter, Sunnylven (ny)

Mette Marie Døving

Olav Bratland

Reidar Furset

Janne Smoge Sævik

Nils Roger Matvik (attval)

Varamedlemer: 1.Elin Smoge 2.Anne Giskemo 3. Arne Furstrand.

Valnemnd: Helge Søvik, Gro Anita Bårdseth, Kjell Løseth.

Revisorar: Stein I. Krohn, Stig Tryggestad.

På årsmøtet vart det lagt fram ei lang og fyldig årsmelding, eit attersyn på 2018 som viste ein levande og framoverlent organisasjon og som lever opp til slagordet for Storfjordens Venner, «Vern vår arv». Storfjordens Venner hadde i 2018 mange betalande medlemer, 683 enkeltmedlemer, 66 familiemedlemer og 11 bedriftsmedlemer. Organisasjonen har 12 æresmedlemer.

Husmannsplassen Kurlå stod ferdig restaurert og feira i september i fjor, her på bildet saman med fire eldsjeler etter takdugnad. Frå venstre Odd Normann Hoff, Asgeir Kvernberg, Kjell Løseth og restauratør Kåre Løvoll.

Prosjekt

Og nye arbeidsoppgåver er der framleis. Lista frå prosjektgruppa var lang også for 2019 sjølv om Odd Normann Hoff leiar, og medlemer Asle Ringdal og Asgeir Kvenberg skriv at ein kanskje nærmar seg ein periode med færre store vølingsprosjekt og at ein må bruke krefter og meir ressursar på årlege vedlikehald og attgroing.

På topp på arbeidsplanen for 2019 står Litlesætra, stovehus i Djupdalen, murar Smogelia og løe Verpingsdal.

Minnesmerke

I Geiranger blir det planlagt å reise eit strandsetarmonument, ein heider til folk som har arbeidd for føda på dei mange fjord –og fjellgardane langs Storfjorden. Ei nemnd med Finn Helge Nustad leiar, Karl Mjelva, Ann Kristin Langeland og Olav Bratland har fått utarbeidd forslag til monument av kunstnar Ola Stavseng. Monumentet skal reisast på eit parkområde ved sjøen i Geiranger.

Her ved sjøkanten i Geiranger kjem eit monument til minne om folket som budde og livberga seg på fjell -og fjordgardane langs Storfjorden.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380