LokalnyttLokalsport

Idrottslag med store investeringar, men i pluss

Bygging av det store, flotte klubbhuset i Hyttehola starta i 2017 og stod ferdig til bruk året etter. Sparebanken Møre støtta bygginga med 700.000.- kroner, her frå overrekking av pengegåva. Framme frå høgre Magne Brekke, Ivar Fivelstad, skyttarlaget og Per Ingebrigt Karbø, idrettslaget. Bak: Stig Tryggestad, Rita Rudning Røyrhus, Annvor Tryggestad, Sparebanken Møre.

 

Det nye klubbhuset til idrettslaget, reist i lag med skyttarlaget var det store økonomiske løftet til Sunnylven Idrottslag i 2018, eit nytt år med god aktivitet og andre tilskipingar, og rekneskap i pluss.

Laget kunne sjå tilbake på eit år med god idrettslag aktivitet og økonomi i pluss då det vart halde årsmøte i Sunnylven IL med årsmeldingar frå både hovudstyret og alle undergrupper. Sunnylven Idrottslag har topp anlegg for fleire idrettar både for sommar og vinter der fotball og skiskyting samlar flest utøvarar. Men også trimgruppa registrerte mange besøk i fjelltrimmen og rommet ved Hellesylt treningssenter blir brukt av mange, spesielt eldre medlemer.

Per Ingebrigt Karbø er leiar i Sunnylven IL. Han held fram med både hovudstyre og dei fleste andre gruppestyra på plass. Men å få medlemer til fotballgruppa valda bry i år som i fjor. Etter mange telefonar kom valnemnda til årsmøtet utan eit fulltallig fotballstyre, gruppa med flest aktive.

Utan fotballgruppe

Fleire på årsmøtet undra seg over den vegring medlemer viser til å sitje i fotballstyret. Alle foreldre vil at borna skal få vere med å spele fotball, men til å ta ansvar i leiinga er svaret nei, vart det sagt. Laget har oppmenn og trenarar på plass til alle sju laga framfor årets sesong. Fotballgruppa vart pålagd å kalle inn til eit foreldremøte og prøve å kome fram til ei løysing.

Etter årsmøtet har fotballgruppa i Sunnylven IL tre medlemer. Signala var at frå neste år går også desse ut om det ikkje blir «påfyll» av styremedlemer. Då kan Sunnylven IL stå utan fotballgruppe og seriespel på Hellesylt stadion.

Avslag på søknad

Det store løftet på anleggssida siste år var bygging av ny klubbhuset i Hyttehola, saman med Sunnylven skyttarlag. Inklusiv dugnad kom heile prosjektet på 5. 386.759.- kroner. Det er blitt søkt om kommunal støtte, men laget fekk mellom anna avslag på søknad om deler av kommunalt tildelte frie middlar frå Havbruksfondet. Det er forventa utbetaling av momskompensasjon og spelemiddlar til fleirbruksanlegget i løpet av året.

Val hovudstyret:

Leiar i Sunnylven IL: Per Ingebrigt Karbø

Styremedlem. Per Amund Frøysa

Kasserar: Jens Vik

Sekretær: Tarjei Korsbrekke

Andre styremedlemer: Alle gruppeleiarar.

Fotballgruppa:

Leiar: Lillian Aasheim

Styremedlem: Kirsti Frøysadal Hauge, Gunn Elise Gjeldsvik

Hellesylt treningssenter:

Susanne M. Ringdal, Arne Tronstad, Inger Ann Nybø, Ramazan Øcal, Julie Ringdal

Skigruppa:

Leiar: Hans Hole

Styremedlemer: Linn Kammen, Anniken Hjellbakk Hole, Anne Karin Brenne Ringdal, Gisle Aaland, Maria Aaland Tryggestad.

Skiskyttargruppa:
Leiar: Magnar Tufte Tyssen

Styremedlemer: Lisbeth Lervik Helset, Geir Støverstein, Petrin Friestad

Trim / friidrett:
Ruth Hole Aaland, Gunnar Sårheim Fivelstad, Amund Lien, Olav Andreas Sætreås, Karolin Parthe, Rune Hole.

Valnemnd: Eivind Louis Helset, Magne Brekke

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380