Lokalnytt

Ikkje XCreek i Bygdaelva i år

X2 Festivalen flyttar XCreek frå Bygdaelva i Sunnylven til Øyraelva i Volda sentrum. Konkurransen i Steimsåsane er flytta grunna alt for stor vassføring.

Grunnet værforhold med alt for stor vassføring i Bygdaelva blir XCreek flyttet til urbane Øyraelva i Volda sentrum. Det skriv X2-arrangøren på si facbook-side fredag kveld. Bygdaelva i Sunnylven viser seg fram nok eit år både stor og flott grunna ein del regn, men mest på grunn av høg temperatur og stor snøsmelting. Men alt for stor for elvepadlarar laurdag.

Som tilskodar blir konkurransen i Volda både fartsfylt og morosam å sjå på. Alle blir oppmoda om å ta med fløyter, kubjeller, lufthorn eller kva ein finn, -her er det lov å lage liv i løypa! Det blir musikk, speaker, kiosk og topp stemning, lovar arrangøren.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380