Lokalnytt

Premiefest i Sunnylven skyttarlag

Framme frå venstre: Siv Anita Aasheim Nessan, Ørjan Frøysadal Hauge, Sina Helen Frøysa.
Bak: Johan Marius Alme, Olai Kristoffersen, Isak Frøysadal Hauge. (Alle foto: Ola Vangen)

Tysdag denne veka arrangerte Sunnylven skyttarlag premiefest for ungdommar som har vore med på pokalskytingane til skyttarlaget.

Det blei delt ut premier for i fjor og konkurransane som er ferdige hittil i år, miniatyrtrofeet 2018, Ole Ringdal krus 2018 og miniatyrtrofeet 2019.

Leiar i skyttarlaget, Ola Vangen fortel at til miniatyrtrofeet blir det skote på 15 meteren innandørs i tre terminfesta rundar som skyttarane deltek i. Av dei tre rundane er det resultatet frå dei to beste som blir samanlagt resultatet til kvar enkelt. Her skil det ikkje mellom kva klasse du skyt i, så her er det alle mot alle, fortel Vangen og held fram;

-Ole Ringdal krus er noko vi skyt om gjennom heile året. Her er det terminfesta ein runde innandørs på 15 meteren og to ute på 100 meteren der eine skytinga er feltskyting på figurar mens den andre er vanleg baneskyting. Her gjeld alle tre rundane samanlagt. Heller ikkje her er det forskjell på klassane, så alle konkurrerar mot alle.

Få på premiefesten

Det kom ikkje så mange til premiefesten, men veldig kjekt at det var nokon som kom og ville ta i mot premiane sine. Dei premiane som står igjen får vi prøve og dele ut ved ei seinare anledning, seier skyttarlagsleiaren.

-No blir det ei lita pause med fast skytetrening ettersom vi etter kvart skal flytte oss fram i Hyttehola og ut på 100 meteren. Når dei faste treningane er i gong igjen i Hyttehola kjem vi tilbake til så snart vi har fått anlegget opp og gå, avsluttar Ola Vangen.

Frå premiebordet til Sunnylven skyttarlag. Ikkje alle premiane vart henta på premiefesten, men blir delt ut ved eit seinare høve.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380