Notiser

Problem med Web-kamera

Nettstaden hellesylt.info er kopla opp til Sunnmørsposten sitt Web-kamera på Hellesylt. Tekniske problem gjer at det er ute av drift.

Web-kameraet på Hellesylt har vore ute av drift frå før jul i 2018. Ansvarlege hos Sunnmørsposten opplyser at dei er klar over problemet og jobbar med å få kameraet i drift igjen. Også fleire andre Web-kamera på indre Sunnmøre sender ikkje oppdaterte bilete no.

Til så lenge må vi vente på at Sunnmørsposten finn løysing på problemet. Men om du ønskjer å sjå veret på Hellesylt eller sjå om vinteren har sleppt taket kan ein gå inn på Stranda hamnevesen si lenke: http://www.stranda-hamnevesen.no/webcamera

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380