Cruisenæringa skaper verdiar

Styreleiar i Stranda Hamnevesen KF, Olav Bratland. (Foto frå arkivet)

Olav Bratland er styreleiar i Stranda Hamnevesen KF. Under dialogmøtet på Hellesylt peika han på den verdiskaping cruisenæringa fører med seg.

-Verdiskapinga som cruisenæringa bidreg med i vårt geografiske område er betydeleg. Det gjeld ikkje berre Stranda Hamnevesen si kasse, men også mange andre på land. Vi steller oss dårleg om vi ikkje dreg vekslar på cruisenæringa, sa Olav Bratland og la til at Stranda Hamnevesen har vore pådrivarar for at sjøfartsvesenet skulle kome med restriksjonar for eit betre miljø.

-Det har blitt tøffe krav, men som vi er glade for. Kva konsekvensar det vil få kjenner vi ikkje, men eg håper at cruisebåtar fortsatt kan kome. Vi må stelle oss slik at båtar kjem også etter 2026, og jobbe for gode overgangsordningar. La vi gå saman og finne dei gode løysingane slik at vi får nytte av dei verdiar cruisenæringa dreg med seg, sa styreleiar Olav Bratland.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380