Fylkesmeisterskap i feltskyting

Isak Frøysadal Hauge vann eldre rekrutt i fylkesmeisterskap feltskyting søndag. (Foto: Ola Vangen)

Isak Frøysadal Hauge, Sunnylven skyttarlag gjekk heilt til topps i klasse eldre rekrutt under fylkesmeisterskapen i feltskyting på Kleive søndag. Også fleire andre frå skyttarlaget var treffsikre.

Søndag blei det arrangert fylkesmeisterskap i feltskyting for Møre og Romsdal (Mørekretsen). Arrangørlaget i år var Kleive skyttarlag med assistanse frå nabolag. Sunnylvingane viste seg fram også i dette meisterskapet, der det var heile 197 deltakarar.

Blant seniorane var Kjell Oddvar Frøysa beste frå Sunnylven skyttarlag med 28 treff av 30 mulige i innleiande skyting. Han enda til slutt på 12. plass i klassa med 11 av 12 treff i finalen og ein total poengsum på 39 treff av 42. Dag Andre Hauge blei nest best frå laget med sine 38 treff og ein 23.plass.

I klasse rekrutt blei Ørjan Frøysadal Hauge nr 6 etter innleiande skyting med 28 treff. Etter ei sterk finaleskyting med 12 av 12 treff klatra han til 4.plass i sin klasse.

Isak Elias Frøysadal Hauge låg som nr 2 i sin klasse, klasse eldre rekrutt, etter innleiande skyting med fullt hus 30 av 30 treff. Etter ein lang og spanande finale og etter to omskytingar mot Sunniva Høybakk frå Langevåg klarte Isak å kapre til seg sigaren.

Beste Sunnylvingane blant seniorane i stang og felthurtig var Ola Vangen med 17 treff på stangen, rangert føre Kjell Oddvar Frøysa. Frøysa hadde beste interne tid på felthurtigen med 10,34 sekund.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380