Premiefest for unge skiløparar

Her er deltakarane 7 år og yngre i Sunnylvscup på ski. Kanskje står her gode langrennsløparar frå denne rekka om nokre år.

Tysdag i påskeveka var det premiefest for Sunnylvscupen på ski sist vinter. I tillegg fekk trenarar løypekøyrarar og andre tillitsvalte i Sunnylven IL takk og påskjønning for innsatsen.

Sist vinter vart det arrangert seks cuprenn, fem av dei i fristil. Til saman hadde 57 unge skiløparar delteke i minst tre av renna og alle vart premierte med gullmedaljer og sportseffekter sponsa av Sparebanken Møre under påskebingoen tysdag. Sunnylven IL sin beste langrennsløpar sist vinter, Kristine Hjellbakk Hole hjelpte med utdeling av premiane. Kanskje delte ho ut gullmedaljer til skiløparar som blir like gode om nokre år.

Før skisesongen starta på snø, var det trening på rulleski og barmarkstrening. Mange deltok på desse treningane som vart leia av fleire nyutdanna trenarar i Sunnylven ski og skiskyttargruppe, fortalde styremedlem Anniken Hjellbakk Hole. Fleire av dei var til stades på Sunnylven samfunnshus tysdag og fekk ei lita påskjønning, og velfortent applaus frå ein godt besøkt premiefest og påskebingo.

Kristine Hjellbakk Hole er Sunnylven IL sin beste langrennsløpar. Ho hjelpte med å dele ut premiar under festen.

Både Anniken Hjellbakk Hole og Magnar Tufte Tyssen frå skiskyttargruppa takka dei mange som har hjelp med treningar fleire dager i veka gjennom vinteren, alle som har hjelpt når det har blitt arrangert renn, dei som har jobba i kiosken, og ikkje minst dei to løypekøyrarane Asle Fivelstad og Ottar Frøysa Hellebostad. Alle hadde gjort ein stor og viktig innsats for ski og skiskyttargruppa, sa dei to frå leiinga.

Frå skiskyttargruppa hadde Magnar Tufte Tyssen med blomar og takk til Magne Brekke for arbeidet han har lagt ned som leiar i skiskyttargruppa i mange år. Han tok over etter Rune Tryggestad i 2012, men takka nei til attval på årsmøtet i mars i år.

Det var godt frammøte på påskebingoen til skigruppa også denne gongen. Og heldige vinnarar fekk flotte gevinstar sponsa av næringslivet både lokalt og i nabobygdene til Sunnylven.

Det blenkte i gull under skifesten på Sunnylven samfunnshus tysdag.

På årsmøtet i mars takka Magne Brekke av som leiar i skiskyttargruppa etter sju år. Tysdag fekk han velfortente blomar overrekt frå Anniken Hjellbakk Hole og Magnar Tufte Tyssen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380