Lokalnytt

Startar i HT Bygg Hellesylt 1. mai

Kim Sture Flo, til venstre er tilsett i HT Bygg Hellesylt AS frå 1. mai. Dagleg leiar Øystein Ljøen er glad for å ha fått enno ein fagmann til firmaet.

Tømrar Kim Sture Flo har jobba som sjølvstendig i byggebransjen dei siste fire åra. Frå 1. mai sluttar han seg til kollegaer i HT Bygg Hellesylt AS, bedrifta han starta å jobbe i og avla fagbrev i 2003.

-Eg har hatt det fint for meg sjølv, det har vore mange kundar og nok å gjere. Det vart så pass mange oppdrag at eg var inne på tanken om eg skulle tilsetje fleire i firmaet mitt. Men eg ønska ikkje å vere ein konkurrent til HT Bygg og med tanke på framtida kom eg til at det var viktig å ha eitt stabilt og trygt firma på Hellesylt. Det er her på Hellesylt eg og familien vil bu og det er dette yrket eg vil drive med, så når HT Bygg hadde bruk for fleire snikkarar valde eg å gå over til firmaet, seier Kim Sture Flo.

Resten av familien han nemner er Marthe og to born. No etablerer dei seg med bygging av nytt hus i Solveien i Ringdalsåsane.

Alle oppdrag blir fullført

Kim Sture starta som snikkar i HT Bygg Hellesylt og tok fagbrev der i 2003. Her jobba han til han flytta til Trondheim der Marthe skulle studere. Dei vart i Trønderhovudstaden i åtte år og Kim Sture Flo jobba i eit byggmeisterfirma, heilt til han starta sitt eige, Byggmester Flo AS i 2015.

Det var fint i Trondheim, men for tre år sidan vart det heimreis til Hellesylt. Oppdraga i og kring Hellesylt har vore mange og ordrelista har vore og er god, fortel han.

-Eg har snakka med alle kundane og informert dei om det som skjer så til alle som ventar på Byggmester Flo kan eg love at oppdraget skal bli utført, kanskje også raskare enn lova. Einaste synlege skilnaden blir at rekninga vil kome frå HT Bygg Hellesylt AS.

Har fleire unge fagfolk

HT Bygg har no fått «på laget» ein ny, ung og erfaren snikkar som er mykje etterspurd. Det er dagleg leiar Øystein Ljøen svært glad for.

-Akkurat dette hadde vi håpa på, det er veldig bra at vi får inn enno fleire unge fagfolk. Kim Sture Flo har mange gode idear og i tillegg til å bruke snikkarutstyret skal han vere aktiv på sal, men også få oppdrag som prosjektleiar. HT Bygg Hellesylt har ein veldig stabil arbeidsstokk på 25 tilsette og ordrereserven for firmaet er god, seier Øystein Ljøen.

Offisielt skal Kim Sture Flo starte i sitt «gamle» firma 1. mai. Men før det blir det kurs i veke 15 i Vestlandshus, byggkjeda som Hellesylt-firmaet er ein del av.

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380