Til topps etter sterk andre runde

Die Mannschaft, vinnarlaget i påskequizen på Peer Gynt galleriet. Frå venstre Jo Endre Frøysadal, Trond Tryggestad, Jan Otto Åsen, Asgeir Ringdal, Per Kjell Leite, Svein Magne Frøysadal.

Die Mannschaft er eitt av dei sterke Quiz-laga når Peer Gynt galleriet på Hellesylt inviterer til kunnskapstest. I år gjekk dei sigrande ut av påskequizen måndag kveld.

Det var eit anna storlag, Hoffenheim som tok leiinga etter dei fyrste 20 spørsmåla. Laget stod med 18 poeng, eitt meir enn Die Mannschaft og to poeng meir enn Under Kopen etter fyrste runde. Også Max Mix Max og Furneset hang godt med.

Men i andre avdeling var Die Mannschaft utilnærmeleg. Det vart 20 poeng av like mange mulege og sigeren var sikra, men berre eitt fattig poeng føre Hoffenheim.

Arild Ringdal og Egil Røyrhus hadde sett saman 40 spørsmål over to rundar og styrte påskequizen godt. Litt diskusjon kom opp til slutt om svara på eit par spørsmål, men ingen protest vart innlevert. På ein triveleg kveld i Peer Gynt galleriet vart det trekt ut fleire små gevinstar mellom nær hundre deltakarar på inngangsbilletten, og eit verdig vinnarlag vart overrekt ein litt større og fortent premie.

Rundt hundre hadde meldt seg på Quiz på Peer Gynt galleriet måndag kveld.

Her er resultatlista frå påskequizen.

Die Mannschaft 37

Hoffenheim 36

Under Kopen 33

Max Mix Max 33

Team Saarheimskrysset 29.5

Furneset   29

Hole in One 29

Under Lavmål 28

Avrong 27

Team Heime Kjær 24

Stegolen 22

Påskeharane 20

Nestsisteplass 18

Krimheltane/Krigsheltane 15

Politisk forbrødring styrte påske-Quizen og samde då det dukka opp diskusjon om svar på eit par spørsmål. Frå venstre Egil Røyrhus Sp, og Arild Ringdal Ap.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380