LokalnyttLokalsport

Anniken Hjellbakk Hole på tredje plass

Anniken Hjellbakk Hole på veg til ein sterk 3. plass i fjelløpet Molde7topper laurdag. (Foto: Hans Hole)

Anniken Hjellbakk Hole frå Sunnylven IL var god i fjelløpet Molde7topper laurdag der ho kom i mål til tredje plass og tida 2.20.14. Ho deltok i K 21 – 30.

Anniken er framleis i storform. I vinter fullførte ho Birkebeinerrennet på ei sterk tid, og laurdag rasa ho rundt på fjelltoppane ved Molde til ny, sterk plassering. Vi føl spent med om det blir fleire fjell eller terrengløp på den spreke sunnylvs-jenta framover våren og sommaren.

Spring NM

Ho bekreftar at ho stiller i NM motbakkeløp som er Mefjellet opp i Valldal 22. juni, i bygda der ho jobbar på Muritunet. Og så blir det nok Hornindal Rundt seinar på sommaren, men truleg berre halve distanden av Ultra-løpet, seier ho.

Molde7topper er eit 18 km. langt sti og fjelløp. Start og mål er ved Romsdalsmuseet og løpet har samla stigning på 1400 høgdemeter. Toppane løparane er innom heiter Tusenårsvarden, Skolmelia, Såta, Frænavarden, Audunshø, Togeheia og Varden.

Resultat

Vinnar av kvinner 21 – 30 vart Johanna Åstrøm frå Sverige, 2.03.22. Ingeborg True Røe, NTNUI vart nr. to, 2.15.15, føre Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL.

Liv Hilde Vågsæter kom på 23. plass (3.09.02), og Linda Bjørdal på 24 plass, (3.29.13), begge Stranda IL deltok i same klasse som hadde nær 40 deltakarar.

Beste mannlege løpar vart Kjell Magnar Berli, Velledalen IL, 1.51.43.

Fleire resultat: www.kondis.no

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380