Lokalnytt

Bergly, i dag eit ubrukt bedehus

Bergly var reist i 1903. Det er framleis i god stand, men siste møtet vart halde i 1991.

I Sunnylvsbygda på Frøysa står bedehuset Bergly, eit hus som vart reist av medlemer i ei kristeleg ungdomsforeining tidleg på 1900-talet.

Om veggane i den store og framleis godt bevarte salen kunne fortelje hadde det blitt om mykje kristeleg forkynning, bøner , song og musikk, store folkesamlingar, men også servering av god mat og drikke og mykje humor.

I dag står Bergly ubrukt, noko det har gjort sidan siste store samling i 1991, 100-års jubileumsfest for Sunnylvsbygda kristelege ungdomsforeining og familiegudsteneste.Vi har blada i lagsprotokollar og presenterer litt av det som vi fann har blitt arrangert i Bergly

 

Sunnylvsbygda kristelege ungdomsforeining blir skipa

Sunnylvsbygda kristelege ungdomsforeining fekk sitt eige lagshus i 1903, 12 år etter skipinga. I snart30 år har Bergly stått ubrukt, men innvendig er alt som det var på siste møte, 100 års jubileum for foreininga.

Sunnylvsbygda kristelege ungdomsforening vart skipa i 1891. Fyrste formann var lærar Ole Martinus Ellingson Hauge (O.M. Hauge), eit verv han hadde i nesten 40 år.

Christian Martin Eckoff var sokneprest i Sunnylven i åra 1867 til 1874, og på gjesting i 1891 bad han Hauge om å skipe ei kristeleg ungdomsforeining med mål om ei vekking mellom ungdomen i bygda. Lærar Hauge gjorde så, og fyrste året etter skipinga hadde foreininga 12 medlemer.

O.M. Hauge var grunnleggjar av Sunnylvsbygda kristelege ungdomfoeining i 1891.

Fem øre i startkapital

I starten var berre gutar medlemer, men etter kvart vart det bestemt at også jenter skulle få vere med. Medlemstalet vaks fort til over 50 -60, og dei fekk seg eit medlemsblad dei kalla «Bondeguten». Seinare skifta det namn til «Samhald».

Møta vart haldne i skulehus på Hauge, Frøysa og Bjørdal, men etter kvart kom tanken om eit eige lagshus opp. Som startkapital til finansieringa gav skule-Jørn 5 øre som grunnfond, ei symbolsk gåve med humor bak. Men bygging av eit eige lagshus var lagt frå fleip, grunnfondkapitalen frå skule-Jørn var byrjinga på det som skulle bli eit stort og teneleg bedehus.

Gardbrukarane på Frøysa gav ei tomt på om lag 2.0 dekar gratis i området mot Berga, og her vart huset reist. Tomta var berre glatte gråberget, og under skylddeling kom det inn mange forslag til namn, forslag som «Trongsynt» og «Bergnabb», men det vart «Bergly».

Møterommet i Bergly

Utvida og renovert

Namnet Bergly var eit godt treffande namn etter staden og grunnen huset vart bygt på. Men kanskje låg det også ei djupare tyding frå enkelte, ein stad for berging og ly til kristen tru. Bedehuset vart ein stad for kristelege møter med song, bøn og forkynning. Nyttårsaftan 1903 stod lagshuset ferdig og vart vigsla.

Bergly har blitt påbygt og renovert fleire gonger. I 1929 kom eit tilbygg med kjøkken, og same år vart salen kledd med staffpanel, og det vart lagt nytt golv opp på det gamle. I 1934 vart salen forlenga med det der golvet er litt høgare enn resten, nærmast ei scene.

Noko seinare fekk laget si eiga fane med påskrift «Gudfryktig og trofast» på eine sida, og «Tenk på din skapar i din ungdom» på den andre. Symbol på fana er eit kors, anker, ein open bibel og teksttilvising Johannes 17.

Fyrste arket i lagsbladet «Samhald» har ei flott teikning, signert O. Parr
Laget si fane

Vart biskopar

O.M. Hauge var den drivande krafta i foreininga, og fleire år vart det halde rundt 40 møter i tillegg til festar. Det skifte med bibeltimar, vitne –og bønemøter, foredrag og diskusjonskveldar. Under 20-års jubileet i 1911 var fleire tilreisande til stades, mellom anna lærar Sevrin Hop som var ein fast gjest på møter i Sunnylvsbygda kristelege ungdomsforeining. Under denne jubileumsfesten takka Kristoffer Frøysadal leiaren O.M. Hauge for innsatsen og overrekte han eit veggur i gåve frå foreininga

Også fleire kjente personar og omreisande talarar kom til møte i Bergly i åra frå 1910 og utover, og vi nemner nokre. På krinsstemne i 1915 var Petter Hognestad til stades, seinare biskop i Bjørgvin, og 14 år etter var Ragnvald Indrebø innom, også han biskop i Bjørgvin med åra. Like eins gjesta den blinde, men mykje akta talaren, songaren og musikaren Matias Orheim både Bergly og kyrkja i Sunnylven fleire gonger.

På veggane heng fleire slike bilete

Stolte ikkje på bibelen

Det var faste juletrefestar i Bergly kvart år med mange frammøtte, taler og bøn, song og gang kring juletreet. Eitt år vart det talt 160 til stades med stort og smått. På denne juletrefesten i 34 heldt sokneprest Høimyr talen og takka for seg som sokneprest i Sunnylven. Han fekk ein lommebibel i gåve frå foreininga, ei gåve han var glad for då den gamle bibelen hans ikkje var å stole på, sa han. Fleire stussa over uttalen, men det kom fram at grunnen var utrivne blad etter mykje bruk.

Nokon som har kjeda seg på eit møte?

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380