Lokalnytt

Feira i sol

Barnetoget var lagt og folkerikt i Sunnylven i år. Og sola stråla og varma.

På Hellesylt feira sunnylvingar og tilreisande nasjonaldagen i sol og etter tradisjonelt opplegg. Ein flott dag med unge og eldre i feststas som fekk høyre gode underhaldningskrefter.

Sunnylven Idrottslag var også i år arrangør av nasjonaldagfeiringa i Sunnylven. Heile 111 medlemer av laget stod på dugnadslista for å få gjennomført arrangementet, fortalde leiar og festvert under folkefesten, Per Ingebrigt Karbø.

Heidra dei falne

Ingen kan skulde sunnylvingar for å sitje og vente på hjelp, dei tek tak og gjer jobben sjølve . Mange gjorde ein fantastisk innsats under feiringa av 17. mai også denne gongen, som starta i Sunnylven kyrkje. Framfor kyrkja vart det lese minneord og lagt ned blomar ved minnetavla over bygda sine tapre som fall under siste krig. Minnestunda var ved elevar frå skulen og leiar i idrettslaget.

Prosten tilbake

I kyrkja var tidlegare sokneprest, no prost Svein Runde tilbake og heldt festgudsteneste, i huset som var hans arbeidsrom i nesten 30 år. Han såg ut over ei fullsett kyrkje der han kjende dei fleste ansikt. Det røra prosten lang inn om kleda, sa han og tok seg til brystet. Etter preika fekk han applaus frå kyrkjelyden, noko han aldri har fått før, sa han.

Ungdomskoret Joyful framførte glasong med tekstar til ettertanke.

Ungdomskor og korps

I kyrkje deltok også ungdomskoret Joyful med to songinnslag med solistar, «Til ungdomen» og «Mitt lille land», like vakkert som tidlegare år. Og kyrkjeorgelet var bytta ut med Sunnylven skulekorps, ikkje eit dårleg byte på denne dagen. Korpset var rett og slett i storform, det var tempo, trykk og tonerett heile vegen. Og med akustikken i den gamle Sunnylvskyrkja var det neste så ein venta målinga krølla seg på veggane.

Like imponerande var skulekorpset resten av dagen, både i folketoget, ved Sunnylven omsorgssenter og under folkefesten på samfunnshuset. Då siste tonane av Sunnylvsmarsjen tagna ved samfunnshuset, vart det skryt å få frå dirigent Trond Otto Berg. Fantastisk bra jobba, kunne vi høyre han sa.

Sunnylven skulekorps, knivast her om beste lydnivå med Hellesyltfossen. Vi trur skulekorpset vann.

Inga pynta dragarvogn

Sunnylven skulekorps har til vanleg få medlemer, men til 17. mai kom «gamle» medlemer heim og leita fram instrumenta sine. Det vart eit topp skulekorps. Men dei sleit med å finne musikar på stortromma. Godt vaksne Geir Støverstein var ein som fekk tilbodet, men takka fyrst nei.

-Så kom eg på jobb og fekk høyre at korpsbygder som Velledalen og Ikornnes ikkje greidde å stille korps, og på Øye pynta dei ei dragarvogn med høgtalar og platespelar eitt år. Det skulle ikkje skje på Hellesylt, sa Geir til hellesylt.info med litt kraftfulle ord.

Han melde seg til teneste og stilte på siste øving dagen før, sjølv om han aldri har spela på stortromme. I skulekorps i Hornindal for 35-40 år sidan trakterte han blåseinstrument, fortalde han oss. For å gjere historia kort, Geir hadde flott takt og rytme og gjorde ein fantastisk jobb for Sunnylven skulekorps. Han får nok slå stortromma fleire gonger om han vil.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380