Lokalnytt

Feira sal av millionlodd

Det var Hanne Kvamme ved Joker som selde vinnarloddet. Diplomet fortel at kunden vann ein million kroner.

Om du legg fredagshandelen til Joker Hellesylt får du spandert marsipankake, sjokoladekake, kaffi eller brus. Butikken feirar at ein av kundane vann ein million kroner 17. mai.

Det løner seg å handle på Joker Hellesylt. For fire veker sidan kom diplom og bevis på at ein kunde hadde vunne 100.000.- på eit joker-lodd, men 17. mai dukka den verkelege storgevinsten opp, ein million kroner vunne på lotteriet Nabolaget. Og der den store gevinsten «ramlar» inn dryssa det også fleire mindre premiar på andre som hadde kjøpt lodd i Nabolaget nær vinnaren i den speleomgangen. Litt av ein festdag for fleire 17. mai i år.

Fredag blir gevinsten markert med kaker og kaffi på Joker-butikken. Norsk Tipping As hadde sendt ei stor million-dekorert marsipankake, t-skjorter, ballongar og eit nytt diplom som blir hengt opp på den frå før rikhaldige diplomveggen i Joker-butikken.

At det skal kome to store lotterigevinstar i løpet av ein månad er smått utruleg, men at Joker selde eit vinnarlodd i lotteriet Nabolaget står godt i stil med slagordet til butikkjeda som i år er «Den gode nabo». Joker Hellesylt serverer kaffi og kaker til alle kundar i dag fredag.

«En av mine kunder er blitt millionær». Det synest Borghild Sporstøl t.v. og Hanne Kvamme er kjempekjekt og har kake og kaffi til alle som vil feire ilag med dei
Også på utsida av Joker Hellesylt vart millionen markert med plakat og flagg.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380