Lokalnytt

Flytta inn med grillfesten

Det nye fleirbrukshuset i Hyttehola har ein stor møtesal så der var god plass til alle på grillfesten.

Til grillfesten til Sunnylven Pensjonistlag kom 62 av laget sine medlemer. Og når festplassen var det nye klubbhuset til idrottslaget og skyttarlaget i bygda gjorde det ikkje noko at det var kjøleg og vått vestlandsver ute.

Leiar Astrid Langeland ønska alle vel møtt til grillfesten som grunna veret vart innandørs. Men grillmat vart det, kotelettar, pølse og grillmør var ferdig grilla, servert med grønnsalat, potetsalat og valdorfsalat til, alt valfritt. I tillegg var det både kaffi og harding på menyen. Og serveringa var som vanleg både rikeleg og smakfull.

Programmet var orientering ved Magne Brekke om det nye klubbhuset som vart teke i bruk for vel eit år sidan. Det er foreløpig ikkje halde innviingsfest, men det blir etter kvart, sa han.

Tombolaårane var bytta ut med lykkehjulet under lotteriet denne gongen.

Også mykje allsong høyrer med når pensjonistlaget kjem saman, og i Hyttehola var det tonar til ved Oddvar Gausdal og trekkspelet hans. Heldige pensjonistlaget som har ein så dyktig musikar i medlemsstokken.

Dei frammøtte fekk også prøve seg på Quiz denne gongen. Tre bord greidde alle ti spørsmåla som ikkje var av det aller vanskelegaste slaget. Og ei stor mengde tombolagevinstar vart vunne etter sal av lodd og snurring på lykkehjulet. Greitt nok å prøve også det, men neste gong er nok åresalet tilbake, meinte leiaren.

Oddvar Gausdal kom med trekkspelet sitt og «krydra» allsongen.

Ein triveleg grillfest med mykje drøs vart avslutta med allsong i «Den glade vandrer». Fleirbrukshuset i Hyttehola er ein fin møteplass for alle, ikkje berre idrettsaktive.

Leiar Astrid Langeland takka for frammøtet, og tykte det var flott å vere i det nye klubbhuset.

.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380